Yasmin Syed

norsk skodespelar

Yasmin Syed (fødd 7. november 1966 i London) er ein norsk skodespelar, kanalvert og programleiar.

Yasmin Syed
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1966 (57 år)
London Sjå dette på Wikidata
Yrke skodespelar
Prisar Alf Helleviks mediemålpris

Syed er fødd i London. Mora er frå Noreg medan faren var indiskguyanar. Familien hadde tenkt å busetja seg i Guyana, men faren hennar døydde der, berre 39 år gammal.[1] Ho flytta som 2-åring til Vinje i Telemark, der ho voks opp.

Yasmin Syed studerte musikk, teater og dans ved Pacific Lutheran University i Tacoma i den amerikanske delstaten Washington med fordjuping i song.

I 1997 spelte ho den kvinnelege hovudrolla i den norske filmen Halvveis til Haugesund. Filmen er ein road-movie og var ein del av hovudprogrammet under filmfestivalen i Haugesund. I 1999 spelte ho politioverkonstabel i Familiesagaen de Syv SøstreTV 2. Same år vart ho også tilsett som kanalvert på NRK1. I 2002 og 2003 var ho med i livssynsprogrammet Styk Live på NRK. Jula 2008 leidde ho Julemorgen saman med Kåre Magnus Bergh.[2] Ho har også eit eige band, Yasmin's Bandpower. I 2009 mottok ho Kringkastingsprisen.[3]

I 2013 var Yasmin Syed aktuell som programleiar for den nye fjernsynssatsinga DialektriketNRK. I programmet reiste ho rundt i Noreg for å finna ut kva det er med dialektane som er så viktig for nordmenn.[4]

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Yasmin, hva har du i bagasjen? på NRK nett-TV
  2. Lien, Silje Marie (19. november 2008). «Nye programledere i Julemorgen». NRK. Henta 23. mai 2009. 
  3. Helleve, Kjartan (27. oktober 2009). «Kringkastingsprisen til Yasmin Syed». Noregs Mållag. Henta 30. oktober 2009. 
  4. Dagsavisen, 26.10.13: Dialekt-Norge rundt, arkivert frå originalen 3. desember 2013, henta 28. november 2013 

Bakgrunnsstoff endre