Shang
(Omdirigert frå Yin-dynastiet)
Shang, tidlegare også kjend som Yin-dynastiet, var eit dynasti i Kina under bronsealderen på 1000-talet f.Kr. Det er tradisjonelt tidfest til å ha vart frå 1760 eller rundt 1600 f.Kr. til 1122/1027 f.Kr.[1][2] Det herska over den nedre elvedalen til Huangelva.
Dynastiet etterfølgde det halvmytiske Xia-dynastiet og blei etterfølgd av Zhou-dynastiet. Shang er det første kinesiske dynastiet ein har historiske kjelder frå.[1] Den første hovudstaden til dynastiet heitte Bo eller Xibo (Vestre Bo).[2] Den siste hovudstaden til Shang låg nær byen Anyang i Henan. Han blei funnen att i 1899 og graven ut i perioden 1928–1937.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Shang-dynastiet». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «Building the Chronology of Early Chinese History». Lee, Yun Kuen i Press (på engelsk). University of Hawai'i Press. Henta 25. august 2019.
Bakgrunnsstoff
endre Denne historieartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.