Ymefeltet er eit oljefelt som ligg søraust i Nordsjøen, 110 km sørvest for Egersund og 160 km nordaust for Ekofisk. Feltet er oppkalla etter Yme i norrøn mytologi. Havdjupna er om lag 80-90 meter.

Første produksjonsfaseEndra

Yme vart påvist i 1987 og feltet vart godkjent for utbygging den 6. januar 1995. Det var utvinning frå feltet i tida frå 27. februar 1996 til 17. april 2001. Operatør for feltet var då Statoil, som hadde 65 prosents eigarandel. Andre eigarar var Saga Petroleum med 25 prosent og RWE-DEA Norge AS med 10 prosent. Produksjonen på feltet vart avslutta på grunn av produksjonsproblem og låge oljeprisar. Det vart i perioden produsert kring 50 millionar fat olje, og det var framleis mykje olje att.

Andre produksjonsfaseEndra

Yme vart det første tidlegare nedstengte feltet på norsk sokkel som vart gjenopna. Operatøren Talisman Energy Norge AS og dei andre eigarane Wintershall Norge, Lotos E&P Norge og Norske AEDC A/S held for tida på med ny utbygging på feltet.

Ymefeltet skal etter planen byggjast ut med ein oppjekkbar produksjonseining. Produksjonsriggen skal plasserast på ein lagertank på havbunnen på prospektet Yme Gamma, og med ein undervassinstallasjon på Yme Beta, 12 km unna.

Ymefeltet inneheldt opphavleg kring 20 mill. Sm3 olje, medan 12,1 Sm3 er rekna å vera att pr. 2011. Produksjonen frå Yme er planlagt starta opp i 2012. Produsert gass vert reinjisert eller nytta til brensel.

BakgrunnsstoffEndra