Opna hovudmenyen

Yngve Leidulv Sætre (fødd 13. mai 1962) er ein norsk musikar og musikkprodusent frå Ørsta.

Yngve Sætre
Fødd 13. mai 1962
Ørsta
Yrke songar, musikar, musikkprodusent, komponist

KarriereEndra

Sætre vart fyrst kjend som vokalist i Bergensbandet Monalisa Overdrive, som vart stifta i 1987. Seinare skifte gruppa namn til Barbie Bones. Dei rakk å vinna ein Spellemannpris før dei gav seg i 1993. Som musikar har Sætre spelt keyboard for banda Popium, Secret Mission og Tweeterfriendly Music.

På nittitalet starta Sætre opp plateselskapet Duper Studio i Bergen, saman med Jørgen Træen. Som produsent har Sætre jobba med ei heil rekkje norske artistar. Nokre av desse er Pogo Pops, Tre Små Kinesere, Dum Dum Boys, Trang Fødsel, Ephemera, Sondre Lerche, Salhusvinskvetten, Johndoe, Morten Abel, Musikkgruppa Ingenting, Ralph Myerz and the Jack Herren Band, Ingrid Olava, Janove Ottesen, Datarock, Tor Endresen, Kari Bremnes, Ungdomskulen, John Olav Nilsen & Gjengen, Surferosa, Garness, DeLillos og Fjorden Baby!

PrisarEndra

KjelderEndra