You're Gonna Miss Me

You're Gonna Miss Me
Singel av The 13th Floor Elevators
frå albumet The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators
B-side

Tried to Hide

Utgjeve 17. januar 1966
May 1966 (nasjonalt)
Innspelt 2. januar 1966
Studio Andrus Studios i Houston i Texas
Sjanger
Lengd 2:31
Selskap
Tekstforfattar Roky Erickson
Låtskrivar(ar) Roky Erickson
Produsent Gordon Bynum
The 13th Floor Elevators-kronologi 
You're Gonna Miss Me «Reverberation»
(1966)


«You're Gonna Miss Me» er ein song av det amerikanske psykedelisk rock-bandet The 13th Floor Elevators, skriven av Roky Erickson, og gjeven ut som debutsingelen deira på Contact Records, den 17. januar 1966. Han vart gjeven ut nasjonalt på International Artists i mai 1966. Musikalsk var songen inspirert av tradisjonell jug band og R&B-musikk og kombinerte dei eigne eksperimenta til gruppa. «You're Gonna Miss Me», og B-sida skriven av Stacy Sutherland og Tommy Hall, «Tried to Hide», var viktige i utviklinga av psykedelisk rock og garasjerock, og var ein av dei tidlegaste rockesongane som brukte elektrisk krukke. Kritikarar omtalar derfor ofte «You're Gonna Miss Me» som ein ekte garasjerocksong, og ein klassikar i motkultur-tida.

«You're Gonna Miss Me» nåddde 55. plassen på Billboard Hot 100, og vart den einaste singelen til The 13th Floor Elevators som gjekk inn på den nasjonale lista. At songen ikkje nådde høgare skal ha kome av dårleg distribusjon frå plateselskapet, som på den tida var i ferd med å leggjast ned. I tillegg vart bandet hindra i å turnere fordi dei var på prøvelauslating for marihuanamisbruk. Songen kom òg ut på debutalbumet deira, The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators i november 1966.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Dimery, Robert (2011). «You're Gonna Miss Me – The Thirteenth Floor Elevators (1966)». 1001 Songs You Must Hear Before You Die. Octopus Publishing Group. ISBN 978-1-8440-3717-9. 
  2. Stiernberg, Bonnie. «The 50 Best Garage Rock Songs of All Time». Paste. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 15. mai 2016. 
  3. Unterberger, Richie (2002). All Music Guide: The Definitive Guide to Popular Music. Hal Leonard Corporation. s. 1135.