You Boyz Make Big Noize

You Boyz Make Big Noize
Studioalbum av Slade
Språk engelsk
Utgjeve 27. april 1987
3. august 1987 (USA)
Innspelt Portland Studios, Redan Studios and Music Works
Sjanger
Lengd 41:02
Selskap RCA, CBS Associated
Produsent Jim Lea, John Punter, Roy Thomas Baker
Slade-kronologi 
Crackers - The Christmas Party Album
(1985)
You Boyz Make Big Noize The Slade Collection 81-87
(1991)


Singlar frå You Boyz Make Big Noize
  1. «Still the Same»
    Utgjeve: 20. februar 1987
  2. «That's What Friends Are For»
    Utgjeve: 20. april 1987
  3. «You Boyz Make Big Noize»
    Utgjeve: 27. juli 1987
  4. «Ooh La La in L.A. (U.S./Tyskland Only)»
    Utgjeve: 1987
  5. «We Won't Give In»
    Utgjeve: 27. november 1987

You Boyz Make Big Noize er det fjortande og siste studioalbumet til den britiske rockegruppa Slade. Det kom ut 27. april 1987 og nådde 98. plassen på den britiske albumlista. Albumet vart i stod grad produsert av bassisten Jim Lea, sjølv om somme spor vart produserte av John Punter og Roy Thomas Baker.[1] Det var det siste studioalbuemt med den originale besetninga før dei vart oppløyste i 1992.[2]

Den amerikanske versjonen av albumet, som vart gjeven ut på CBS, erstatta «Fools Go Crazy» med tittelsporet «You Boyz Make Big Noize», som ikkje kom ut på den europeiske og britiske utgåva av albumet.[3]

Bakgrunn endre

Etter at Slade avgjorde å slutta og turnera i 1984, fortsette bandet å spela inn nytt materiale. Albumet Rogues Gallery frå 1985 hadde vore ein hit over heile Europa, men fekk berre avgrensa suksess i Storbritannia og USA. Då bandet skulle spela inn sitt neste album i 1986, håpte dei å spela inn eit hitalbum som ville setja Slade tilbake i ålmenta. Opphavleg hyrte banda inn produsenten Roy Thomas Baker for å produsera albumet, men bandet følte at arbeidsmetodane hans var for lange og dyre. Til slutt fullførte Baker to spor, John Punter produserte ytterlegare to og Jim Lea fullførte resten.[4]

Hovudsingelen, «Still the Same» vart gjeven ut i februar 1987 og stoppa på nr. 73.[5] Mangel på speletid på Radio One vart sett på som ein viktig faktor for at singelen ikkje gjekk høgare på lista, sidan singelen hadde vore B-lista og ikkje A-lista på spelelista i radioen.[6] Den andre singelen, «That's What Friends Are For» vart gjeve ut ei veke før albumet i april og nådde 95. plassen.[5] Dei dårlege listeplasseringane gjorde at RCA vart uvillig til å investera store summar for å promotere albumet, som nådde 98. plassen i Storbritannia.[5] I juli vart ein singel med same namn, «You Boyz Make Big Noize» gjeve ut av bandet på selskapet Cheapskate. Denne vart distribuert av RCA og nådde 94. plassen.[5] Omtrent samtidig, «Ooh La La in L.A.» vart gjeven ut frå albumet i Amerika av CBS og Tyskland av RCA. Mangelen på kommersiell suksess førte til at kontrakten vart enda med RCA. Trass i dette vart albumsporet «We Won't Give In» seinare gjeven ut på Cheapskate som den fjerde og siste singelen frå albumet, men nådde berre 121. plassen i Storbritannia.[4]

I eit intervju frå midten av 1986 snakka songaren Noddy Holder om det kommande albumet: «Me har endeleg fått det ferdig og føler at me har nokon av dei beste songane me nokon gong har skrive.»[7] I eit fanklubbintervju i 1987 snakka Lea om produksjonsarbeidet hans på albumet: «Då eg høyrde på You Boyz Make Big Noize, som er det siste eg gjorde, tenkte eg 'dette står seg verkeleg, eg kan setja dette på og vera stolt av det'.»[8]

På grunn av Holder sine personlege årsaker vart tanken om å turnera for å promotere albumet avvist. Gitaristen Dave Hill sa i eit fanklubbintervju frå 1987: «Me kunne kunngjera ein turné no, men varsemd gjer at me ville gjort det betre å kunngjera ein etter ein hit. Me har ikkje gjeve opp å turnere, og viss lykka ville det slik, kan me turnera etter denne LPen.» Som svar på rykte om at bandet gav seg svarte Hill: «Fansen kan føle seg litt utanfor og litt skuffa, men dei må forstå at 21 år no er lang tid å halda saman som ei gruppe. Me er litt eldre, og me prøver framleis. Eg trur at kvar og ein av oss ville spela live, men det me søker etter er ein måte å ta oss til eit nytt stadium av suksess.»

Utan ein kontrakt med eit større plateselskap kom ikkje Slade til å spele inn eit nytt album igjen. I 1991 spelte bandet inn to nye singlar for Polydor, «Radio Wall of Sound» og «Universe», men vart oppløyst kort tid etter i 1992. Trommeslageren Don Powell sa seinare om albumet: «Det var ikkje oss, det var ingen identitet på det albumet. Det hadde vore fint for det originale bandet å ha gått ut med eit betre album, som Slade in Flame-albumet eller Slayed?. Det var som om ein viss magi mangla. Nærleiken me hadde hatt var ikkje der.»[4]

Innspeling endre

You Boyz Make Big Noize vart spelt inn i Wessex Studios, Portland Studios, Redan Studios og Music Works.[9][10] Tittelen på albumet vart vald etter at Betty, ei tedame frå Wessex Studios, sa til Slade «you boys make big noise» under ei innspelingsøkt.[4] Holder og Lea spelte inn kring atte demoar for albumet, medan Hill presenterte fire av sine eigne demoar.[11][12]

I eit fanklubbintervju tidleg i 1987 snakka Powell om klargjeringa av albumet: «Me fullførte albumet i går, faktisk. Me brukte gårsdagen på å setja det saman og sortera rekkjefølgja. Me veit nøyaktig kva spor som vil vera på albumet - berre nytt materiale. Albumet har tatt oss lang tid å spela inn, spesielt spora som John Punter og Roy produserte. Me brukte dei to første dagane med Roy på å prøva å få trommelyden slik han vilja ha det. Han hadde kring førti mikrofonar over settet mitt, og det høyrdest ut som torevêr i studioa. Albumet er meir eit allsongvennleg album, i motsetnad til eit heavy metal-album.»[13]

I eit fanklubbintervju seint i 1986 snakka Lea om arbeidet til bandet med Roy Thomas Baker: «Eg var ute med Roy ein kveld, og han vart alvorleg ein augneblink og sa 'Den einaste grunnen til at eg er her mykje med deg er fordi akkurat no i Amerika leitar alle etter dei unge banda, i alle fall i Los Angeles, etter formelen som Slade skapte – kommersielle, skarpe songar, og den lyden der det heile kjem ut som éin heilskap.» Roy Thomas Baker var den som la ordet 'produsent' på det moderne produksjonskartet - det var eit stort kompliment frå han.»

Marknadsføring endre

Albumet fekk liten marknadsføring frå plateselskapet, hovudsakleg på grunn av det skuffande salet av «Still the Same». Det vart ikkje laga musikkvideoar til nokre av singlane. I eit fanklubbintervju frå 1987 diskuterte Hill fiaskoen til songen: «'Still the Same' blir i utgangspunktet sett på som ein flopp når det gjeld kva som var forventa av det. Eg trur plateselskapet stort sett var skuffa fordi det var dei i staden for gruppa som valde han ut. Me gav ut denne plata, ikkje i den vanlege juleperioden, som på mi side syntest å vera ein gjennomførbar idé som eit forsøk på å komma vekk frå situasjonen 'Slade eksisterer berre i jula'. Ved å lytta til meiningar ser det likevel ut til å ha vorte sett på som ein annan 'My Oh My'-aktig song, som kanskje burde ha komme ut i jula. Då 'My Oh My' vart gjeven ut, tok han av sakte, men så snart me vart spelt på radio, gjekk det kjapt. 'Still the Same' gjorde praktisk talt det same på singellista dei første vekene, men på det tidspunktet der 'My Oh My' vart byrja å bli spela på radio, vart 'Still the Same' droppa heilt.»

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [14]
Billboardpositiv[15]
Cash Boxpositiv[16]
Circuspositiv
Get Ready to Rock!     [17]
Guitar Magazinepositiv
Kerrang!     [18]
Record-JournalB
Reno Gazette-Journal     [19]

Då albumet kom ut skildra Jon Hotten frå Kerrang! albumet som å ha det «umiskjennelege Slade-stempelet» med «12 potensielle singlar», og konkluderte: «Viss du liker Slade, vil du like dette, viss du ikkje gjer det, så trur eg ikkje dette er albumet til konvertere deg.»[18] I Amerika var meldingane generelt positive. Billboard anbefalte albumet, og skildra det som «heftig, gitarbasert rock med allsong-refreng».[15] Circus oppsummerte albumet som «galvanisert stomp-rock» og konkluderte: «Slade skriv ikkje dårlege songar - kvart refreng er spesialdesigna til å synga med på i favorittvassholet ditt; kvar solo konstruert for å få sjølv den mest slitne lyttaren til å vippa med hovudet.» Gitarmagasinet noterte at albumet «ber Slade si and med fantastisk livskraft». Dei konkluderte med: «Holder og Lea er meistrar i skulegut-knaggar, store allsongrefreng som alle kan låsa seg fast på. Ingen vil nokon gong sjå på dette som geniale komposisjonar,men Slade si konsekvente evne til å suga deg inn i den vennlege karusellen er imponerande.»

Eric McClary frå Reno Gazette-Journal skildra albumet som «munter musikk» med «enkle unisone refreng», «sentimentale tekstar» og «mykje optimisme». Han konkluderte: «Sjå om du kan motstå dei – eg kan ikkje.»[19] Jim Zebora frå Record-Journal oppsummerte: «Kanskje det Slade gjer best og det som gjer spelinga deira så underhaldande er blandinga av rocka oppriktigheit og god humor om kva det heile betyr. 'Sing Shout (Knock Yourself Out)' skildrar denne filosofien i songen, og guten gjer at du får lyst til å røra deg. Viss dette var ein rettferdig verd, ville Slade framleis ha alaga hitplater. At dei ikkje gjer det ser ikkje berre ut til å vere deira feil.»[20] Cash Box oppførte albumet som ein av deira «utvalde» i løpet av august 1987. Dei noterte at albumet «legg ikkje fingrane mellom der Noddy Holder skrik ut dei melodiske rockarane.»[16]

AllMusic skreiv om albumet og konkluderte med: «Kvart spor her stampar ut ein variant på Slade-temaet til 'Sing Shout (Knock Yourself Out)'. AC/DC stal Slade sine knep for mange år sidan og kan ikkje no skriva sin veg ut av ein sekspakning, medan desse crazee-gutane framleis har det gøy med å slenga sprø riff og tunge knaggar. Kudos. Det er det Slade er for.[21] Joe Geesin frå nettmagasinet Get Ready to Rock følte at albumet har «nokre gode augneblink», men la til «det meste av albumet er i beste fall middelmåtig.» Han la til: «Dei antemiske, store refrenga var berre ikkje like fengjande. Massevis av klaverinstrument, lagdelingar og kva som helst som berre ikkje var Slade.»[17]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Noddy Holder og Jim Lea, utanom «Love Is Like a Rock» by Mark Avsec, Albritton McClain, Donnie Iris, Marty Lee Hoenes og Kevin Valentine, og «Let's Dance» av Jim Lee.

Nr.TittelLengd
1.«Love Is Like a Rock»3:40
2.«That's What Friends Are For»3:16
3.«Still the Same»4:13
4.«Fools Go Crazy»3:16
5.«She's Heavy»2:35
6.«We Won't Give In»3:37
7.«Won't You Rock with Me»3:47
8.«Ooh La La in L.A.»3:52
9.«Me and the Boys»2:48
10.«Sing Shout (Knock Yourself Out)»3:10
11.«The Roaring Silence»2:48
12.«It's Hard Having Fun Nowadays»3:48
Bonusspor på Salvo-utgåva frå 2007
Nr.TittelLengd
13.«Still The Same (12"-versjon)»5:35
14.«Gotta Go Home» (B-side til «Still the Same»)3:20
15.«Don't Talk to Me About Love» (B-side til «Still the Same»)2:28
16.«Wild Wild Party» (B-side til «That's What Friends Are For»)2:55
17.«You Boyz Make Big Noize» (1987 singel utan album)3:01
18.«You Boyz Make Big Noize (Noize Remix)»5:31
19.«You Boyz Make Big Noize (Instrumental Version)» (B-side til «You Boyz Make Big Noize»)3:01
20.«You Boyz Make Big Noize (USA Mix)» (B-side til «You Boyz Make Big Noize» 12")3:00
21.«Let's Dance ('88 Remix)» (1988 singel utan album)2:40

Salslister endre

Liste (1987) Plassering
VG-lista[22] 12
UK Albums Chart[23] 98

Medverkande endre

Slade
Andre medverkande
  • John Punter – produsent (spor 3, 8)
  • Roy Thomas Baker – produsent (spor 1–2)
  • Gerrard Johnson, Pete Hammond – klaverprogrammering
  • Dave Garland, Jerry Napier, Mark Dearney, Matt Butler, Trevor Hallesey – lydteknikarar

Kjelder endre

  1. «Vinyl Album – Slade – You Boyz Make Big Noize – RCA – Europe». 45worlds.com. Henta 15. oktober 2021. 
  2. Larkin, Colin (27. mai 2011). The Encyclopedia of Popular Music – Colin Larkin – Google Books. ISBN 9780857125958. Henta 15. oktober 2021. 
  3. «Vinyl Album – Slade – You Boyz Make Big Noize – CBS Associated – USA». 45worlds.com. Henta 15. oktober 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 CD-heftet til You Boyz Make Big Noize – Salvo 2007
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 15. oktober 2021. 
  6. «1987 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 15. oktober 2021. 
  7. «From Roots To Boots: The Slade Story». Sladestory.blogspot.co.uk. 17. juni 1986. Henta 13. juli 2015. 
  8. Ian Edmundson. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 29. juli 2017. Henta 15. oktober 2021. 
  9. «News in Brief». Arkivert frå originalen 1. mai 2012. Henta 25. juli 2011. 
  10. Slade International Fan Club newsletter January – February – March 1987
  11. «The studios used for the new album». Arkivert frå originalen 1. mai 2012. Henta 25. juli 2011. 
  12. Slade International Fan Club newsletter April – May – June 1987
  13. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 14. oktober 2021. 
  14. Stone, Doug. «You Boyz Make Big Noize – Slade». AllMusic. Henta 14. oktober 2021. 
  15. 15,0 15,1 magasinet Billboard – Album Reviews – 15. august 1987
  16. 16,0 16,1 Cash Box newspaper – 15. august 1987 – Album Releases – page 9
  17. 17,0 17,1 «Get Ready to ROCK! Review of CD album resissues by rock band Slade called The Amazing Kamikaze Syndrome, You Boyz Make Big Noize, The Collection 70–87, Rogues Gallery». Getreadytorock.com. Henta 14. oktober 2021. 
  18. 18,0 18,1 «Vinyl Album – Slade – You Boyz Make Big Noize – RCA – Europe». 45worlds.com. 30. april 1987. Henta 15. oktober 2021. 
  19. 19,0 19,1 Reno Gazette-Journal newspaper – Album Reviews – 18. oktober 1987
  20. https://archive.is/20130124183248/http://news.google.com/newspapers?id=iOJHAAAAIBAJ&sjid=-_8MAAAAIBAJ&pg=3541,418343&dq=slade+boyz&hl=en
  21. AllMusic Review by Doug Stone. «You Boyz Make Big Noize – Slade». AllMusic. Henta 15. oktober 2021. 
  22. Steffen Hung (23. juli 2007). «Slade – You Boyz Make Big Noize». norwegiancharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  23. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 15. oktober 2021.