Crackers - The Christmas Party Album

Crackers
Studioalbum av Slade
Språk engelsk
Utgjeve 18. november 1985
Innspelt 1985
Sjanger
Lengd 46:52
Selskap Telstar
Produsent Jim Lea
John Punter (spor 6, 9, 12-13)
Slade-kronologi 
Rogues Gallery
(1985)
Crackers You Boyz Make Big Noize
(1987)


Crackers er eit studioalbum og samlealbum av det britiske rockebandet Slade. Det kom ut 18. november 1985 og nådde 34. plassen på den britiske albumlista. Albumet selde til gullplate i Storbritannia same månaden.[1] Det vart produsert av bassisten Jim Lea utanom «All Join Hands», «Do You Believe in Miracles», «My Oh My» og «Run Runaway», som alle var produserte av John Punter. Albumet består av ei blanding av tidlegare hittar av bandet, somme nyinnspelingar og eit utval av coverversonar.

Slade prøvde med Crackers å skape ei plate som hadde ei feststemning. Sidan originalen kom ut har albumet kome ut i fleire nyutgåver gjennom åra, stundom med noko andre titlar og undertitlar på plateomslaget, som «The Christmas Party Album» på Slade's Crazee Christmas! (1999) og The Party Album (2001), eller «The Rockin' Party Album!» (2006). Det har òg vore nokre variasjonar i innhaldet på albumet.

Bakgrunn endre

Etter utgjevinga av studioalbumet Rogues Gallery frå 1985, vart bandet oppsøkt av Telstar for å laga eit julerelatert festalbum. Albumet inkluderte coverversjonar av «Let's Dance», «Santa Claus Is Coming to Town», «Hi Ho Silver Lining», «Let's Have a Party!», «Do They Know It's Christmas?» og «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone». Bandet spelte inn sine eigne tidlegare hittar «Cum on Feel the Noize» og «Get Down and Get with It». Dei resterande åtte spora var tidlegare innspelte songar frå katalogen til bandet, inkludert den nye singelen «Do You Believe in Miracles». Albumet var ein suksess i Storbritannia, der det nådde 34. plassen og vart sertifisert til gullplate. Den seinare utgjevina frå 1999 Slade's Crazee Christmas gjekk inn på lista fleire gangar på UK Budget Albums Chart mellom 2001-05.[2]

Sjølv om selskapet til Slade, RCA gav ut «Do You Believe in Miracles» som singel, vart det inngått ein avtale med Telstar om å inkludera songen på Crackers. Etter at singelen nådde 54. plassen på lista i Storbritannia, vart det indikert at inkludering på albumet hadde fått han til å ikkje nå ei høgare plassering. I eit intervju frå 1986 sa trommeslagaren Don Powell: «Det kan vera ein grunn. Det var morosamt nok eit av argumenta i striden - Telstar sa at dei ville ha han på albumet, medan me ikkje gjorde det fordi det ville bety at han ville dela salet mellom singelen og albumet. Eg veit at viss eg personleg liker nokon andre sin singel, og det kjem til å vera på det siste albuma deira, så ventar eg og kjøper albumet i staden.»

Innspeling endre

Gitaristen Dave Hill snakka om innspelinga av albumet i eit intervju frå 1986: «Eg likte å laga spora for Crackers mykje meir enn dei for Rogues Gallery.» I sitt eige intervju det året avslørte Powell tankane sine om Crackers-prosjektet: «Vel, me var litt tvilsame i byrjinga, me trudde at det kan ha vore ein annan Black Lace-aktig sak. Då me faktisk spelte inn coverversjonane, hadde me det veldig bra då me gjorde det. Me gjekk berre inn i studioet og la dei ned ein etter ein - det var som å spela live på scena.»[3][4]

Medan han spelte inn Crackers, oppdaga Hill Victor Herman, ein gatemusikar, som spelte sekkepiper i Oxford Street i London. Sidan bandet skulle spela inn sin eigen versjon av «Auld Lang Syne», inviterte Hill Herman for å gje innspelinga eit autentisk preg. Herman gjekk med på det, og då han var ferdig med å spela inn delen sin, gav Slade han ein konvolutt med ein betydeleg sum pengar i, saman med takka deira og gode ynskjer. To dagar seinare vart konvolutten returnert med posten, saman med eit brev frå Herman, der han sa at han koste seg så mykje i studioet at han ikkje ville ha pengane. Slade inviterte han seinare til julefesten deira 18. november 1985 - dagen då albumet kom ut. På festen overrekte Slade ei av gullplatene til bandet til Herman som eit minne.[5][3]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [6]
Classic Rocknegativ

Dave Thompson frå AllMusic skildra albumet retrospektivt som «både det mest gledeleg heftige, høglydte og allsongvenlege albumet i heile Slade-katalogen, og den soleklart mest avskyelege plata dei nokon gong har laga. Han la til «heile albumet er så livleg og støyande at sjølv eremittar kunne spela det, og trudd at dei har det gøy», men sette spørsmålsteikn om det kunne vurderast som «eit skikkeleg Slade-album».[6] I 2010 følte Classic Rock at albumet burde «unngåast» og uttalte: «Denne kalkunen var eit veldig nadir for Slade. Kombinasjonen av nyinnspelte hittar og festleg stemning oppnådde det kommersielle målet sitt, men albumet slo truverdet til HMS Slade midtskips med nokre uforgivelege tyske torpedoar.»

Innhald endre

Crackers: The Christmas Party Album (1985) endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Let's Dance»Jim Lee2:36
2.«Santa Claus Is Coming to Town»John Frederick Coots, Haven Gillespie2:39
3.«Hi Ho Silver Lining»Larry Weiss, Scott English3:24
4.«We'll Bring the House Down»Noddy Holder, Jim Lea3:34
5.«Cum On Feel the Noize»Holder, Lea2:57
6.«All Join Hands»Holder, Lea4:16
7.«Okey Cokey»Jimmy Kennedy3:25
8.«Merry Xmas Everybody»Holder, Lea3:57
9.«Do You Believe in Miracles»Holder, Lea4:12
10.«Let's Have a Party»Cliff Friend, Joe Haynes, Phil Baxter1:47
11.«Get Down and Get With It»Bobby Marchan3:28
12.«My Oh My»Holder, Lea4:10
13.«Run Runaway»Holder, Lea3:43
14.«Here's To... (The New Year)»Holder, Lea3:10
15.«Do They Know It's Christmas (Feed The World)»Bob Geldof, Midge Ure3:38
16.«Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone»Rodgers and Hammerstein, Traditional3:28

Crackers: The Rockin' Party Album! (2006) endre

Nr.TittelLengd
1.«Let's Dance»2:36
2.«Santa Claus Is Coming to Town»2:39
3.«Hi Ho Silver Lining»3:24
4.«Cum On Feel the Noize»2:57
5.«Okey Cokey»3:25
6.«Merry Xmas Everybody»3:57
7.«Let's Have a Party»1:47
8.«Get Down and Get With It»3:28
9.«Here's To... (The New Year)»3:10
10.«Do They Know It's Christmas (Feed The World)»3:38
11.«Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone»3:28

Salslister endre

Original release endre

Liste (1985) Plassering
UK Albums Chart[7] 34

Reissue «Slade's Crazee Christmas» endre

Liste (2001) Plassering
UK Budget Albums Chart[8] 31
Liste (2002) Plassering
UK Budget Albums Chart[8] 23
Liste (2003) Plassering
UK Budget Albums Chart[8] 21
Liste (2005) Plassering
UK Budget Albums Chart[8] 37

Medverkande endre

Slade
Andre
  • Victor Herman – sekkepiper på «Auld Lang Syne» (ikkje oppført)[5][3]
Teknisk
  • John Punter – produsent (spor 6, 9, 12-13)
  • Dave Garland – lydteknikar

Kjelder endre

  1. «Home». BPI. Henta 14. oktober 2021. 
  2. «Chart Log UK: DJ S - The System of Life». Zobbel.de. Henta 22. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Slade International Fan Club newsletter January - Februar 1986
  4. «Slade Fan Club Archive». Weebly. Henta 14. august 2017. 
  5. 5,0 5,1 «Slade Fan Club Archive». Weebly. Henta 14. august 2017. 
  6. 6,0 6,1 AllMusic Review by Dave Thompson (25. juli 2006). «Slade's Crazee Christmas - Slade». AllMusic. Henta 22. oktober 2021. 
  7. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 22. oktober 2021. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Chart Log UK: DJ S - The System of Life». Zobbel.de. Arkivert frå originalen 22. mars 2015. Henta 14. oktober 2021.