You Turn Me On, I'm a Radio
You Turn Me On, I'm a Radio Singel av Joni Mitchell frå albumet For the Roses | ||
B-side |
«Urge for Going»[1] | |
---|---|---|
Utgjeve | November 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Studio | Hollywood, California[2] | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 2:39 | |
Selskap | Asylum | |
Låtskrivar(ar) | Joni Mitchell | |
Produsent | Joni Mitchell | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
«California» (1971) |
You Turn Me On, I'm a Radio | «Cold Blue Steel and Sweet Fire» (1973)
|
«You Turn Me On, I'm a Radio» er ein song skriven og først spelt inn av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Han kom ut på det femte studioalbumet hennar, For the Roses i 1972, og kom òg ut på singel.
Joni Mitchell-utgåva
endreJoni Mitchell skreiv opphavleg songen som eit svar på at plateselskapet bad ho om ein hitsingel. Mitchell syner kva ho meinte om dette i linjer som «And I'm sending you out this signal here, I hope you can pick it up loud and clear»[3] Ho meinte at om ho la songen til eit radiotema, så kom radiostasjonar til å bli overtydd om å spele songen.[4] Songen vart spelt inn i Hollywood i A&M Studios.[2] Sjølv om Graham Nash, David Crosby og Neil Young alle bidrog til innspelinga, er det berre munnspelet spelt av Nash som kom med på den endelege utgåva.[4]
«You Turn Me On, I'm a Radio» kom ut på singel i november 1972 på Asylum Records. Songen vart den første topp 10-hitten til Mitchell i Canada, og nådde tiandeplassen der på RPM Top Singles-lista.[5] I tillegg vart singelen ein topp 40-hit i USA, og nådde 25. plassen på Billboard Hot 100.[6] Outside North America, «You Turn Me On, I'm a Radio» peaked within the top-forty on the Australske Kent Music Report chart.[7]
Salslister
endreListe (1972-1973) | Plassering |
---|---|
Canada Top Singles (RPM)[5] | 10 |
Canada Adult Contemporary Songs (RPM)[8] | 3 |
US Hot 100 (Billboard)[6] | 25 |
US Hot Adult Contemporary Tracks (Billboard)[6] | 13 |
Australia Top 100 Singles (Kent Music Report)[7] | 37 |
Gail Davies-versjonen
endreYou Turn Me On, I'm a Radio Singel av Gail Davies frå albumet Givin' Herself Away | ||
B-side |
«All the Fire Is Gone»[9] | |
---|---|---|
Utgjeve | June 1982 | |
Innspelt | July 1981 | |
Studio | Hollywood, California[9] | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 4:49 | |
Selskap | Warner Bros. Nashville | |
Låtskrivar(ar) | Joni Mitchell | |
Produsent | Gail Davies | |
Gail Davies-kronologi | ||
«Round the Clock Lovin'» (1982) |
You Turn Me On, I'm a Radio | «Hold On» (1982)
|
Blant dei mange coverversjonane av songen vart versjonen til countryartisten Gail Davies ein hit då ho gav ut sin versjon på singel i 1982. Davis vart ven av Mitchell tidleg i 1970-åra då ho var studiomusikar for A&M Records i California.[10] Som ein hyllest til Mitchell, spelte Davies inn songen. Etter at singelen kom ut på radio, valde Davies å gratulere både Mitchell og Henry Lewy. Lewy var ansvarleg for å syne Davies korleis ho kunne produsere sine eigne innspelingar.[11] Songen vart spelt inn i «Producer's Workshop» i Hollywood i juli 1982 for albumet Givin' Herself Away.[9]
«You Turn Me On, I'm a Radio» kom ut på singel på Warner Bros. Records i juni 1982. Songen nådde så 17. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1982. Det vart den sjuande hitten ho fekk på topp 20 på countrylista og den andre frå dette albumet.[12] I tillegg nådde songen sjuandeplassen på den kanadiske RPM Country Singles-lista.[13]
Salslister
endreListe (1982) | Plassering |
---|---|
Canada Country Songs (RPM)[13] | 7 |
US Hot Country Singles (Billboard)[12] | 17 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «You Turn Me On, I'm a Radio» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ ««You Turn Me On, I'm a Radio»/«Urge for Going» by Joni Mitchell». Rate Your Music. Henta 24. januar 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «Words and Music: For the Roses». Joni Mitchell. Henta 24. januar 2021.
- ↑ «Joni Mitchell -- Fun Facts and Information». Fun Trivia. Henta 24. januar 2021.
- ↑ 4,0 4,1 ««You Turn Me On, I'm a Radio» by Joni Mitchell». Song Facts. Henta 24. januar 2021.
- ↑ 5,0 5,1 «Search results for «Joni Mitchell» under «Top Singles»». RPM.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 «Billboard chart positions > singles». Allmusic.
- ↑ 7,0 7,1 David Kent (1993). Australian Chart Book 1970 - 1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Search results for «Joni Mitchell» under «AC»». RPM.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 «Praguefrank's Country Music Discographies: Gail Davies». Praguefrank's Country Discographies. Henta 31. mai 2014.
- ↑ Walker, Bruce. «Gail Davies Biography». Musikar Guide. Henta 24. januar 2021.
- ↑ «Gail Davies -- Givin' Herself Away». Gail Davies. Henta 24. januar 2021.
- ↑ 12,0 12,1 Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research.
- ↑ 13,0 13,1 «Search results for «Gail Davies» under Country Singles». RPM. Henta 24. januar 2021.