Yuan Zhen (kinesisk: 元稹, pinyin: Yuán Zhen;, Wade-Giles: Yüan Chen) (fødd 779 i Luoyang i Henan, død 831 i Wuchang i Hubei) var ein kinesisk diktar i Tang-tida. Yuan tok den nasjonale eksamenen for høgre stillingar i byråkratiet, og tente ei stutt tid som minister. Medan han var i denne stillinga vart han ein del av krinsen kring diktaren Bai Juyi. Medlemane av denne krinsen meinte ein at litteratur kunne syte for etisk og sosial framgang i samfunnet. Yuan, Bai og sambandsfelagane deira stod i opposisjon til den høviske poesien som var populær i samtida, og tok til orde for ei attervending til den moralske tematikken og endeframme stilen som kjenneteikna den eldre kinesiske litteraturen. Saman med Bai vart Yuan kjend for dikta dei skreiv i den folkelege balladesjangeren yuefu, dikt som ofte hadde eit maktkritisk innhald.

Yuan Chen

Jamvel on han vart vidgjeten for dikta sine, var Yuan likevel best kjend for kortprosaen han skreiv. Ved å leggja forteljinga, figurane og tematikken til si eiga samtid lukkast han i å nytta den tradisjonelle forteljngsformen Chuanqi til å taka opp seriøse moralske og sosiale tema. Forteljingar som Yingyingzhuan («Soga om Yingying») sette dimed ein ny standard for eventyrsjangeren i kinesisk litteratur. Soga om Yingying er ei forteljing med lette pornografiske drag om kjærleiken mellom studenten Chang og Ts'ui Ying-ying, ei ung jente av god familie. Ifylgje den svenske sinologen Göran Malmqvist er ho eit døme på korleis den romantiske kjærleiken vert ein del av motivkrinsen i kinesiske forteljingar i Tang-tida.[1]

Den norske attdiktaren Arne Dørumsgaard har omsett tri dikt av Yuan Zhen til riksmål i Evige tegn: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Mellom desse er diktet «Sommerpalasset»:


Sommerpalasset

I keiserens gamle palass står pionene røde,
men ingen beundrer dem mer.
Haremskvindene plaprer som papegøier
om pomp og prakt og fest i fordums dager
før håret minsket og blev silkehvitt.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Verdens litteraturhistorie. Oslo: Cappelen. 1971. s. 590. ISBN 8202026741. 
  2. Dørumsgaard, Arne (1955). Evige tegn. [Oslo]: Dreyer. s. 205.