Kinesisk litteratur

Kinesisk litteratur strekker seg over tusenår, frå dei tidlegaste skildra dynastiske hoffarkiva til de lange forteljande romanane som blei skrivne under Ming-dynastiet for å underhalda mengder av lesekunnige kinesarar. Introduksjonen av trykking med tresnitt under Tang-dynastiet (618–907) og Bi Sheng si oppfinning av trykketeknologi med lause skrifttypar (990–1051) under Song-dynastiet (960–1279) spreidde fort det skrivne ordet gjennom Kina. I moderne tid reknar ein forfattaren Lu Xun (1881–1936) som grunnleggjaren av baihua-litteratur i Kina.

Wen, eit kinesisk teikn som står for "litteratur".

Historie endre

Kinesisk litteratur byrja mellom anna med spådommarorakelbein. Sidan Zhou-dynastiet finst ei omfattande samling av bøker, og dei klassiske kinesiske tekstane gjev eit bredt spekter av stoff som omfattar poesi, astrologi, astronomi, kalendrar, stjernebilete og fleire andre. Nokre av dei viktigaste tidlege tekstene inkluderer Yijing og Shi Jing innanfor Dei fire bøkene og Dei fem klassikarane. Ein finn fleire kinesisk omgrep som yin og yang og qi i dei dynastiske periodane.

Song-dynastiet var òg ein periode av stor vitskapleg litteratur, og det blei laga verk som Su Song sitt Xin Yixiang Fayao og Shen Kuo Draumestraum-essay. Det fanst òg enorme verk av historieskrivning og store oppslagsverk, som Sima Guang si Zizhi Tongjian frå 1084 eller Songs fire store bøker fullt kompilerte og redigerte på 1000-talet. Konfutsianistar, daoistar og lærde av alle klassar har i høg grad bidratt til å dokumentera historia til heilage omgrep som blei utvikla hundre år før deira tid. Romanar som Dei fire store talespråkromanane gav opphav til fleire fiktive forteljingar. Ved slutten av Qing-dynastiet kom den kinesiske kulturen til å starta ein ny æra med eit kinesisk på skriftleg folkespråk for vanlege folk. Hu Shih og Lu Xun kom til å vera pionerar innan moderne litteratur.

Moderne litteratur endre

Etter at dei tok makta i 1949 kontrollerte Kinas kommunistparti utgjeving av litteratur, noko som hemma utviklinga. Etter den korte perioden med Dei hundre blomane-kampanjen var sosialistisk realisme den einaste litteraturen som blei støtta og oppmuntra av regimet. Trass i denne uniformiteten blei det skrive kunstnarisk viktige verk i sjangeren av mellom annna Liu Qing, Yang Mo og Qu Bu.

På slutten av 1900-talet byrja ei rekkje forfattar påverka av vestleg modernisme å vekka internasjonal merksemd. Blant dei er diktaren Bei Dao, prosaisten Mo Yan og dramatikaren Gao Xingjian. Sistnemnde blei i 2000 den første kinesiske forfattaren som vann Nobelprisen i litteratur.

Forfattarar som Wang Meng, Zhang Xinxin og Gao Xingjian eksperimenterte med modernistiske forteljargrep. Ei anna gruppe forfattarar som omfattar Han Shaogong, A Cheng, Li Rui og Mo Yan er representantar for såkalla Xungen-litteratur som prøver å binda saman ny litteratur med folkelege kulturelle tradisjonar. Dei noko yngre Yu Hua og Su Tong skriv i ein meir avantgardistisk og desillusjonert stil. Yan Lianke formidlar sosiale samtidproblem i romanar og noveller.

Ei rekkje kvinnelege forfattar som Chen Ran, Hong Ying, Wei Hui og Wang Anyi skildrar det nye kinesiske samfunnet med sine raske endringar, ofte frå synspunktet til unge kvinner. Neorealismen med forfattarar som Fang Fang, Lui Heng og Chi Li utgjer ei annan viktig retning i den samtidige kinesiske litteraturen. Ein kan merka påverknader frå Franz Kafka og magisk realisme hjå forfattarar som Can Xue.

Kjelder endre