Zahlé (òg kalla Zahleh; armensk Զահլէ) er det administrative senteret og den største byen i Beqaa guvernement i Libanon. Med kring 50 000 innbyggjarar, er han den tredje største byen i Libanon etter Beirut og Tripoli [1][2] og den fjerde største om ein reknar med heile byområdet (byområdet kring Jounieh er større) Han ligg 55 km aust for hovudstaden Beirut, nær vegen mellom Beirut og Damaskus, mellom Libanonfjella og Beqaadalen, kring 1000 meter over havet.[3] Byen er kjend i Libanon for det behagelege klimaet og dei mange restaurantane som ligg ved elva her. Innbyggjarane er hovudsakleg gresk-katolikkar.

Zahlé
by
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Zahlé distrikt
Høgd 950−1 150 moh.
Koordinatar 33°50′N 35°55′E / 33.833°N 35.917°E / 33.833; 35.917
Areal km²
 - storbyområde 90 km²
Folketal 50 000
 - storby 100 000
Borgarmeister Joseph Diab Al Maalouf
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 1801
Retningsnummer 8
Kart
Zahlé
33°50′38″N 35°54′26″E / 33.843888888889°N 35.907222222222°E / 33.843888888889; 35.907222222222
Wikimedia Commons: Zahlé

Etymologi endre

Namnet Zahlé kjem frå assyrisk og tyder «flyttande stad». Jordras som stundom finn stad her i dei avskoga åsane kring byen, er truleg opphavet til namnet.

Historie endre

Zahlé vart grunnlagd tidleg på 1700-talet, i eit område som har vore busett i 5000 år. Han var ein kort periode på 1800-talet den første sjølvstendige staten i regionen, med sitt eige flagg og nasjonalsong.

Bybrannar råka Zahlé i 1777 og 1791.

Under borgarkrigen i 1860 hadde Zahlé 10 000 innbyggjarar, som levde av kveite, sauehald og silke. I juni 1860 vart byen kringsett av ein styrke av kurdarar, arabarar og drusarar, i alt 8 000 mann som kom opp Beqaadalen. Drusarane vart leia av Ismail el Atrash og dei skal ha drepe 700 kristne i Rashaiyat el Wady. Den 14. juni gjekk forsvararane til åtak med 200 menn på hest og 600 menn til fots. Dei vart slått og 70 mann mista livet. Eit liknande åtak fann stad dagen etter med same resultat. Den lokale osmanaren Kaimakam tilbaud innbyggjarane vern om dei overgav våpna sine. Dei avslo tilbodet. Den 18. juni gjekk åtakarane til eit skinnåtak som lurte dei 4 000 forsvararane i byen ut i ope lende, medan ein styrke på 1 200 drusarar gjekk til åtak på byen frå dei kringliggande åsane og okkuperte sentrum av byen. Forsvararane trekte seg unna til dei høge fjella i nordvest. Alle bygningane, inkludert ei kyrkje, vart brende ned til grunnen. Maronittane, som hadde 15 000 våpna menn mindre enn seks timar unna vart skulda for ikkje å hjelpe. Zahlé var ein av dei første byane som vart bygd opp att då innbyggjarane kom attende på hausten, men mykje av verdiane deira hadde gått tapt i åtaket.[4]

Bygginga av jernbanevegen mellom Beirut og Damaskus i 1885 førte velstand til Zahlé, som vart eit transportknutepunkt mellom Libanon, Syria og Irak, samstundes som det vart verande eit regionalt jordbrukssenter.

Den libanesiske borgarkrigen frå 1975 til 1990 førte til mykje uro i regionen. Alt i alt vart ikkje Zahlé råka like hardt som andre regionar av landet, og mange folk frå andre regionar søkte tilflukt i Zahle. Den geostrategiske plasseringa til byen førte likevel til slaget ved Zahleh. I byrjinga av krigen i 1975 var den syriske hæren ei kort stund i byen. Den 21. desember 1980 ønskte Syria å setje ut soldatar i Zahlé igjen og erobre byen, men dei vart avskoren av innbyggjarane i Zahle, som fekk støtte frå kristne styrkar (som dei Libanesiske styrkar). Etter å ha teke livet av fem syriske soldatar, tok den syriske armeen hemn ved å bombe Zahlé. Desse åtaka, som skjedde i løpet av jula, førte til kraftige reaksjonar i Vesten, særleg i Frankrike, som skildra dei syriske handlingane som barbariske.

Ei liknande hending skjedde seks månader seinare, den 1. april 1981, då det vart utveksla eld mellom ei stilling i Zahle og ei syrisk stilling, og det heile utvikla seg til eit kraftig syrisk åtak. Syria bomba Zahlé i åtte dagar, og hindra all hjelp i å nå byen. Syriske soldatar prøvde å kome seg inn i byen, men vart kvar gong drivne attende av libanesarane, og tapte fleire væpna kjøretøy. Etter bøn frå libanesiske samfunn over heile verda, la fleire land, særleg Frankrike, press på Syria for å få dei til å stoppe åtaket.

Byen har opplevd ei roleg tid etter krigen, om ein ser bort i frå ei bilbombe som gjekk av utafor ei lokal assyrisk-ortodoks kyrkje den 27. mars 2011. Ingen vart drepne i åtaket.[5][6]

Geografi og klima endre

 
Utsyn over Zahlé frå nabolaget Wadi Al Aarayesh.

Zahlé ligg ved foten av Libanonfjella, i vestenden av Beqaadalen, med fjellet Sannine (2628 moh) tårnande over seg. Åsane dannar ein smal dal, som igjen er ei forlenging av ei kløft i nordvest. På grunn av denne topografien er dei fleste nabolaga i Zahle er spreidd vertikalt oppover dei bratte åssidene. Innafor byen er høgdeskilnaden 200 meter innafor eit lite geografisk område. Kommunen strekkjer seg austover til elva Litani.

Byen vert kryssa av elva Berdawni, som flyt ned kløfta mot platået, og munnar ut i Liatani etter 15 km. Berdawni var ein gong den einaste drikkevasskjelda i Zahlé, men vart forureina av kloakk og avfall dei siste tiåra, og delvis overbygd.

Klima endre

Som resten av Libanon, har Zahlé eit typisk middelhavsklima (Köppen si klimakassifisering (Csa)), med varme og tørre somrar, og milde til kjølige vintrar, då det meste av nedbøren kjem. På grunn av høgda og plasseringa inn i landet, i regnskuggen til Libanonfjella, har klimaet eit visst kontinentalt preg. Somrane er vanlegvis varmare enn ved kysten, med temperaturar stundom over 40 °C kvar sommar. Vintrane er derimot kjøligare enn ved kysten, men her er lite vind. Nedbøren er mindre enn lenger vest, kring 600 mm i året, samanlikna med kring 900 mm i Beirut. Det fell snø nokre gonger i året når kaldfrontar kjem inn frå Tyrkia eller Aust-Europa. Om våren vert vêret stundom prega av Khamsin-vindane, der ein typisk får ein temperatur auke og gjørmete regn.

Vêrdata for Zahlé
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 23,4 25 32 35 38,7 40,2 43,4 42 40,7 36,8 29,6 30 43,4
Gjennomsnittleg maks °C 11,8 13 16,2 21,2 27,3 31,4 33,7 34,1 31,7 26,5 19,6 14,3 23,4
Gjennomsnittleg min °C 2,1 3 5,2 8,9 12,4 15,7 18,4 18,1 16 12,4 7,3 3,8 10,3
Lågast målte °C −6,8 −6,4 −3,2 −0,6 3,4 8,9 12,9 12,9 10,4 1,8 −2,5 −7,8 −7,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 126,5 124,5 76,8 33 8,2 0,1 0,5 0,3 12,3 27,9 73,2 106,2 589,5
Kjelde: Meoweather[7]


Økonomi endre

Som den største byen i Beqaadalen, det viktigaste jordbruksområdet i Libanon, er økonomien i Zahlé bygd på jordbruk. Det viktigaste produktet i området er druer, og vindruer dominerer det kringliggande landskapet. Ein god del av druene går til tre lokale vinprodusentar i og kring byen, og dei mange destilleria som lagar arak, den lokale spriten som Zahlé er kjend for.

I tillegg til vindruer er åssidene kring Zahlé dekte med kirsebær, granateple, plommer og morbærhagar, medan det vert dyrka poteter og grønsaker på platået i aust.

Kjende folk endre

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. Zeev Schiff; Ehud Yaari; Ina Friedman (1. januar 1986). Israel's Libanon war. Unwin Paperbacks. ISBN 978-0-04-327091-2. Henta 22. september 2014. 
  2. Yair Evron (1987). War and intervention in Lebanon: the Israel-Syrian deterrence dialogue. Croom Helm. s. 93–. ISBN 978-0-7099-1451-8. Henta 22. september 2014. 
  3. The bulletin. J. Haynes and J.F. Archibald. September 2004. Henta 22. september 2014. 
  4. Jessup, Henry Harris (c. 1910) Fifty-Three Years in Syria. Volume 1. General Books LLC, Mephis 2012. ISBN 978-0217-213-34-9 53 Years s.184-186
  5. «Estonia’s FM: Lebanon doing utmost to find the 7 kidnapped tourists». Ya Libnan. 22. september 2014. Henta 22. september 2014. 
  6. «No one hurt in Lebanon church blast». Press TV. MYA/HGH/MMN. 27. mars 2011. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 22. september 2014. 
  7. «Climate Historie for Zahle,Libanon». Arkivert frå originalen den 7. mars 2013. Henta 22. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre