Zaovinesjøen (serbisk Заовинско језеро eller Zaovinsko jezero) er ein kunstig innsjø vest i Serbia i Tarafjellet. Han vart skapt i elva Beli Rzav som eit reservoar for vasskraftverket Bajina Bašta II.

Zaovinesjøen
innsjø
Panoramabilete
Land  Serbia
Innsjøtype Kunstig
Tilsig Beli Rzav
Utløp Beli Rzav
Høgd over havet 892 moh.
Areal 15 km²
Middeldjupn 80 m
Volum 15 millionar m³
Koordinatar 43°52′N 19°24′E / 43.87°N 19.40°E / 43.87; 19.40
Byar Zaovine
Kart
Zaovinesjøen
43°52′N 19°24′E / 43.87°N 19.4°E / 43.87; 19.4
Wikimedia Commons: Zaovine Lake

Zaovine ligg på sørsida av Tarafjellet i retning mot fjellet Zvijezda, som markerer grensa mellom Serbia og Bosnia-Hercegovina. Han strekkjer seg mellom landsbyane Zaovine i sørvest og Mitrovac, ein stor turiststad i Tara, i nordaust.

Opphav endre

Zaovine vart skapt 1981-1983 då Beli Rzav vart demd opp av ei 125 meter høg demning.[1] Han er knytt til elva Drina.

Eigenskapar endre

Innsjøen dekkjer eit område på 15 km² og har fem greiner. I periodar med høg vassføring i Drina, vert det pumpa vatn frå Drina og inni Zavoine gjennom ein 8 km lang røyrleidning. Når det motsette er tilfelle, vert vatn pumpa tilbake til Drina, og det vert produsert straum av turbinar langs røyrleidninga.[2]

Dyreliv endre

Heile innsjøen høyrer til Tara nasjonalpark, ein av fem i Serbia. Han er omgjeve av store skogar. Det var her den endemiske serbiske grana i 1875. Det finst over 600 planteartar rundt innsjøen og 15 av desse er lovmessig verna, mellom anna den serbiske grana og edelveis. Av dyreliv finn ein gemse og 14 fiskeartar, mellom andre regnbogeaure, årbuk og donaumort.

Kjelder endre

  1. Jovan Đ. Marković (1990). Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije (på serbokroatisk). Sarajevo: Svjetlost. ISBN 8601026516. 
  2. Protection of natural values of Tara NP (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 26. juni 2007, henta 26. juni 2007