Zhangye (kinesisk: 张掖; pinyin) er eit byprefektur straks vest for dei sentrale delane av provinsen Gansu, i den vestlege delen av Kina. Byprefekturet har eit areal på 40 874 km² og 1 199 515 ibuarar i 2010. I sjølve byen Zhangye bur om lag 490 000 menneske.

Plasseringa av Zhangye (gul) i Gansu
Utsikt i Zhangye

Byprefekturet Zhangye omfattar eitt distrikt (区 ), fire fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Zhangye er ein del av Hexi-korridoren, landskapet der folk kan livberge seg mellom høgfjella i sørvest og Tenggerørkenen i nordaust. Dei vestlegaste delane av Den kinesiske muren går gjennom prefekturet.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 227 endar i Zhangye. Vegen fører frå Xining i provinsen Qinghai til Zhangye. Også Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai til han endar på grensa mot Kasakhstan, vegen passerer mellom andre Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.

Historie endre

Tidlegare heitte byen Ganzhou. Marco Polo skriv i reiseskildringa Il Milione at han budde eitt år i ein by kalla Campichu. Ein trur den byen må ha vore Ganzhou (Zhangye).

Kjelder endre