Xinyang (kinesisk: 信阳; pinyin: Xìnyáng) er eit byprefektur lengst sør i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 18 819 km² og hadde vel 6,1 millionar ibuarar i 2010. Xinyang grensar i sør til provinsen Hubei, og i aust til Anhui.

Bymotiv frå Xinyang
Plasseringa av Xinyang-prefekturet i Henan

Byprefekturet Xinyang omfattar to bydistrikt (区 ) og åtte fylke (县 xiàn).

Næring endre

Byen er eit viktig regionalt senter for den sørlegaste delen av Henan, samt det nordlege Hubei. Mellom anna er her ein omfangsrik matvare- og tekstilindustri.

Om lag 8 km vest for bysentrum ligg Nanwan-demninga som demmer opp det inntil 50 km² store, og svært fiske- og dyrerike reservoaret Nanwan (Sørsjøen). Dette området er skogkledd og verna, innsjøen har heile 61 mykje besøkte øyar.

Samferdsle endre

Jingguangbanen, toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Baoding, Shijiazhuang, Handan, Anyang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.

Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou. Også Kinas riksveg 312 fører gjennom området. Han går frå Shanghai og passerer mellom andre Suzhou, Nanjing, Hefei før han kjem til Xinyang, vidare leier han til Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan i Gansu og Urumqi, før han endar på grensa mot Kasakhstan.

Arkeologi endre

I bydistriktet Pingqiao ligg Changtaiguan (长台关乡), der vart gjort viktige funn under utgravingane på Changtaiguan Chumu (长台关楚简, «Chugravene ved Changtaiguan»). I 2006 vart kommunenamnet Changtaiguan endra til Changtai (长台乡).

Utgravingane fann stad i 1957 og 1958, der det i gravene frå Chu-tida mellom anna vart funne bambustekstar, lakkvarer og musikkinstrument. Også to graver frå krigarrika-tida vart avdekt. I alt vart over hundre bambustavler med skriftteikn funne. Særleg interesse vekte dei konfusianske tekstane frå grav 1. Ein av tekstane var eit «gravinventar» (qiǎncè, 遣策), der alt som var lagt ned i grava var opprekna.

Kjelder endre