Zhumadian
Zhumadian (kinesisk: 驻马店; pinyin: Zhùmǎdiàn) er eit byprefektur sør i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i aust grensar til provinsen Anhui, har eit areal på 14 974 km² og hadde vel 7,2 millionar ibuarar i 2010. Litt over 500 000 menneske er bybuarar. Landskapet er prega av fjell, åsar og sletter.
Byprefekturet Zhumadian omfattar eitt bydistrikt (区 qū), og ni fylke (县 xiàn).
Landbruk
endreDet lokale landbruket avlar særleg kveite, mais, peanøtter, sesamfrø, grøne bønner og tobakk.
Samferdsle
endreJingguangbana, toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Baoding, Shijiazhuang, Handan, Anyang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.
Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.
Soge
endreBanqiao-dammen, som i 1975 kollapsa under den ekstreme tyfonen Nina og førte til at om lag 171 000 menneske omkom, ligg i Zhumadian.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zhmumadian» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2012.