Shaoguan (kinesisk skrift 韶关, pinyin Sháoguān) er eit byprefektur i innlandet, nord i provinsen Guangdong i Kina. Prefekturet har eit areal 18 380 km² og hadde i 2004 om lag 3,15 millionar innbyggjarar. Byprefekturet Shaoguan består av tre distrikt, to byfylke, fire fylke og eitt autonomt fylke. Sjølve byen heitte tidlegare Shaozhou.

Shaoguan
byprefektur
Land  Folkerepublikken Kina
Provins Guangdong
Areal 18 412,53 km²
Folketal 2 855 131 (2020)[1]
Kart
Shaoguan
24°48′04″N 113°35′34″E / 24.80113°N 113.59271°E / 24.80113; 113.59271
Shaoguan i Guangdong
Shaoguan i Guangdong
Shaoguan i Guangdong
Wikimedia Commons: Shaoguan
Yunmentempelet ved Shaoguan

Sentralt i sjølve byen Shaoguan står Fengcaitårnet, som vart bygt under Ming-dynastiet. Sør for tårnet, i motsett ende av ei gågate, ligg Dajianklosteret som vart bygt frå 660.

I distriktet Qujiang ligg byen Maba, kjent for funnet av Mabamannen, kalla «Kinas neandertalar». Nær ved er Nan Hua-tempelet, som skal ha vore zenbuddhismen si vogge om lag år 700 e.Kr. Det store jarn- og stålverk i prefekturet ligg også nær Maba.

Transport

endre

Jarnbane

endre

Snøggtogruta mellom Wuhan og Guangzhou går gjennom området.

Jingguangbana, som er den tradisjonelle toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har også stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Shijiazhuang, Handan, Zhengzhou, Wuhan og Changsha.

Kinas riksveg 106 går gjennom området. Han går frå Beijing og er innom stader som Hengshui, Kaifeng, Ezhou på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina. Også Kinas riksveg 323 går gjennom området. Han tek til i Ruijin i provinsen Jiangxi og fører gjennom Guangdong og Guangxi og endar opp i Lincang i Yunnan, på grensa mot Myanmar.

Kjelder

endre