MS «Midthordland»
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Midthordland» |
Eigar: | Det Midthordlandske Dampskibsselskab |
Verft: | A/S Stord på Stord |
Verftsnummer: | 2 |
Sjøsett: | 25. mars 1947 |
Døypt: | av Lise Hauge |
Overtatt: | 5. desember 1947 |
Sett i teneste: | 1913 |
Teke ut av teneste: | 1970 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | JXNN |
Kallenamn: | Bjørnefjordens Dronning |
Generelle mål | |
Type: | Sjøbuss |
Tonnasje: | 182 brt |
Daudvekt: | 30-40 |
Lengd: | 38,45 m |
Breidd: | 6,00 m |
Djupgang: | 2,80 m |
Installert effekt : | 400 hk |
Framdrift: | Wichmann dieselmotor 2-T 6AD |
Fart: | 12,5 |
Passasjerar: | 288 passasjerar |
Karriere | Sverige |
Namn: | MS «Midland» |
Eigar: | Ljungvik og Carlsson A/B |
Overdratt: | 11. mars 1971 |
Heimehamn: | Gøteborg |
Karriere | Sverige |
Namn: | MS «Marina» |
Eigar: | Skagerak Kryss A/B |
Overdratt: | 1. mai 1971 |
Heimehamn: | Marstrand |
Karriere | Storbritannia |
Namn: | MS «Midland» |
Eigar: |
Mai 1976: Torbay Sea Cruises Ltd. Oktober 1976: SM ALI SST |
Heimehamn: | Brixham |
Karriere | Storbritannia |
Namn: | MS «St. Lucy» |
Eigar: | F.J. Pitherd & Dlatto |
Overdratt: | 1976 |
Heimehamn: | London |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Sunrise II» |
Eigar: | Per Fagerlid-Olsen A/S |
Overdratt: | 28. april 1987 |
Heimehamn: | Svelvik |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Midthordland» |
Eigar: | Stiftinga Midthordlands Dampskipsselskap |
Overdratt: | Juli 1994 |
Heimehamn: | Os |
M/S «Midthordland» er ein sjøbuss som gjekk i rute i Midhordland frå 1948 til 1970. Skipet var det første båten som vart bygd på A/S Stord (i dag Aker Stord) og fekk bygg nr. 2 (bygg nr. 1 var ein lekter).
Båten vart bygd for Det Midthordlandske Dampskipsselskap. Ho vart sjøsett 25. mars 1947 og overlevert den 5. desember same året. Båten vart klassifisert for innaskjersfart med sertifikat for 288 passasjerar.
«Midthordland» vart bygd med slanke og moderne linjer og teikna av skipskonstruktøren Knud E. Hansen i København i Danmark. Skroget vart bygd i stål med overbygg i aluminium for å halde skrogvekta så låg som mogeleg. Hovudsalongen vart bygd i lys bjørk med mahognylister og har sitteplass til 76, samt to passasjerlugarar. I overbygget er òg eit overbygd promenadedekk.
Karriere
endreSkipet gjekk i ruta Tysnes, Sævareide og Samnanger på Bjørnefjorden. Det gjorde òg rundturar i Bjørnefjorden med turistar frå hotella Solstrand og Godøysund, ofte med utanlandske turistar. På grunn av dette fekk skipet raskt kallenamnet «Bjørnefjordens Dronning».
«Midthordland» vart råka av ein orkan i januar 1949 og grunnstøtte. Med store skadar måtte skipet til reparasjon, men då ingen norske verft hadde kapasitet ti å ta imot skipet, måtte det slepast til Nederland. Sommaren 1949 vart skipet tilbake i drift. «Midthordland» heldt fram i same rute fram til 1970, då det ikkje var grunnlag for å halde fram ruta. I januar 1961 vart «Midthordland» kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.
Skipet vart i 1971 seld til Ljungvik og Carlson A/B i Gøteborg og fekk namnet M/S «Midland». Det var meininga at skipet skulle gå i rute mellom Sverige og Danmark, men vart same året seld til Skaterak Kryss A/B i Marstrand i Sverige og fekk namnet «Marina». Selskapet fekk økonomiske problem og i 1973 overtok forsikringsselskapet Dovre i Oslo skipet. I 1976 vart skipet seld vidare tre gonger, første gong til Torbay See Cruises Ltd. i Brixham i Storbritannia, som gav ho namnet «Midland», andre gong til SM ALI SST og til slutt FJ Pitherd & Dlatto i London. Sistnemnde døypte ho «St. Lucy». I London vart skipet nytta til flytande demonstrasjonssenter for vernetiltak og seinare som flytande klubbhus.
I 1987 hamna skipet tilbake til Noreg då Per Fagerlid-Olsen A/S i Svelvik kjøpte skipet. Skipet fekk då namnet «Sunrise II» og vart nytta som turbåt i Oslofjorden. I 1991 gjekk skipet på land ved Drøbak då styrestaget rauk. Skipet vart reparert og heldt fram turar i Oslofjorden til 1993. K.S. Carnical i Drammen kjøpte skipet i 1994 og planen var å få skipet tilbake til Hordaland. Same året fekk skipet tilbake det opphavlege namnet, M/S «Midthordland», under ein dåpsseremoni i Eikelandsosen i Fusa. I oktober 1995 fekk skipet, som den første etterkrigsbåten i landet, status som verna skip. Dette gjorde mellom anna at skipet fekk offentleg økonomisk støtte.
I dag vert skipet nytta til blåturar omkring i Midt- og Sunnhordland. Det vart installert ein ny motor, Catepillar, på 550 hk. Den gamle motoren vart overlevert til Norsk Motor Museum i Skånevik i Sunnhordland.
Kjelder
endre- Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 21-23. ISBN ISBN 82-95726-0-6 Check
|isbn=
value: invalid character (hjelp).