Opna hovudmenyen
Ájos Dométios
Άγιος Δομέτιος
Aydemet
Styresmakter
Land
Distrikt
Republikken Kypros
Levkosía
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011)

14 770
Koordinatar 35°11′″N 33°20′″EKoordinatar: 35°11′″N 33°20′″E
Diverse anna
Heimeside: http://www.dad.org.cy/
Plassering
Ájos Dométios is located in Kypros

Ájos Dométios (gresk Άγιος Δομέτιος, tyrkisk Aydemet) ligg i den vestlege delen av byområdet til LevkosíaKypros og er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[1]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som ein del av kommunen Lefkoşa (Nord-Levkosía) i distriktet Lefkoşa.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde den delen av kommunen som er under kontroll av styresmaktene, 12 456 innbyggjarar, fordelt på bydelane:[3]

  • Ájos Pávlos (3 189 innbyggjarar)
  • Ájos Jeórjos (9 267 innbyggjarar)

Den delen av kommunen som er administrert av Nord-Kypros, hadde i 2011 2 314 innbyggjarar.[2]

Den delen av Ájos Dométios som er under kontroll av styresmaktene, inngår i storbyområdet til Levkosía,[4] medan den delen av Ájos Dométios som er adminstrert av Nord-Kypros, inngår i storbyområdet til Lefkoşa (Nord-Levkosía).[5]

ReferansarEndra