Åborfamilien
YellowPerch.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Percoidei
Overfamilie: Percoidea
Familie: Åborfamilien Percidae
Cuvier, 1816

Åborfamilien er ein familie piggfinnefisk som lever i fersk- og brakkvatn på den nordlege halvkula. Gruppa omfattar rundt 200 artar fordelt på ti slekter, i Noreg finst tre: åbor, hork og gjørs.

KjenneteiknEndra

Fisk i åborfamilien har som regel to ryggfinnar, den første vanlegvis med piggstrålar. Huda er dekt med kraftige skjel, og kroppen er flattrykt frå sidene. Bukfinnane sit nært opp til brystfinnane, og har ei piggstråle og fem mjuke. Gattfinnane har ein eller to piggstrålar, den andre er som regel veik.

KjelderEndra

  • Brabrand, Åge: «Piggfinnefisker» i Norges dyr - Fiskene 1, Cappelen 1992
  • FishBase