Åborfamilien
fiskefamilie
(Omdirigert frå Åborfisk)
Åborfamilien er ein familie piggfinnefisk som lever i fersk- og brakkvatn på den nordlege halvkula. Gruppa omfattar rundt 200 artar fordelt på ti slekter, i Noreg finst tre: åbor, hork og gjørs.
Åborfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Piggfinnefiskar Perciformes |
Underorden: | Percoidei |
Overfamilie: | Percoidea |
Familie: | Åborfamilien Percidae Cuvier, 1816 |
Kjenneteikn
endreFisk i åborfamilien har som regel to ryggfinnar, den første vanlegvis med piggstrålar. Huda er dekt med kraftige skjel, og kroppen er flattrykt frå sidene. Bukfinnane sit nært opp til brystfinnane, og har ei piggstråle og fem mjuke. Gattfinnane har ein eller to piggstrålar, den andre er som regel veik.
Kjelder
endre- Brabrand, Åge: «Piggfinnefisker» i Norges dyr - Fiskene 1, Cappelen 1992
- FishBase