Åkersongar

art av sporvefuglar
Åkersongar
Åkersongar Foto: J.M.Garg
Åkersongar
Foto: J.M.Garg
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Kjerrsongarfamilien Acrocephalidae
Slekt: Kjerrsongarar Acrocephalus
Art: Åkersongar A. agricola
Vitskapleg namn
Acrocephalus agricola

Åkersongar (Acrocephalus agricola), er ein kjerrsongar som for tida er klassifisert i den nyleg skildra familien Acrocephalidae. Han hekkar hovudsakleg i temperert klima i Sentral-Asia, er flyttfugl som overvintrar grovt rekna i søraustlege Pakistan og i India.

Skildring endre

Dette er ein brun til beigefarga songar med lysare underside, noko mindre enn slektningen som er vidt utbreidd i Noreg, sivsongar. Fjørdrakta til åkersongaren er jamt farga utan strekar, bortsett frå den lyse augebrynstripa. Fjørene er utsett for slitasje og bleiking gjennom hekkesesongen. Kroppslengda er ca. 13 centimeter og han har ei vekt på mellom 8 og 11 gram.[1]

Åkersongar hekkar i ei rekkje av hovudsakleg fuktige habitat, ofte ved innsjøar og elvar. Habitata i vinterkvarteret er både lågtliggande og i fjelldalar, gjerne fuktige område med høge vekstar av busker, sukkerrøyr, takrøyr, ris eller starr. Her lever dei av insekt, inkludert artar av fluger, vårfluger, døgnfluger, maur, augestikkarar og biller, dessutan meitemark. Åkersongarane kan sitje både høgt og lågt i vegetasjonar medan dei snappar byttet, og kan gå ned til vassflata for å ta insekt.[1]

Dei har ein mjuk melodiøs song som ofte er etterlikningar av andre artar. Kall for varsling og kontakt er meir skarpe og harde.

Ein vestleg bestand som lever litt inn i Europa hekkar i vestlege Kasakhstan og vestover til sørlege Ukraina, Romania og Bulgaria. Desse fuglane overvintrar frå søraustre Iran til vestlege India. Elles finn ein arten i Sentral-Asia med overvintring på det indiske subkontinentet. Streiffuglar kjem sporadisk til Noreg, i perioden frå 2000 til 2015 var det rapportert i underkant av 20 observasjonar, dei fleste i Rogaland.[2]

Storleiken på den globale populasjonen er ikkje kjent, men er rekna som minkande. Den europeiske bestanden er estimer til i ligge mellom 1,4 og 2,6 millionar individ.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Dyrcz, A. (2016) Paddyfield Warbler (Acrocephalus agricola) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. juni 2016
  2. Søk på artsobservasjoner.no den 11. juni 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Acrocephalus agricola. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. juni 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Åkersongar