Årviksand

største bygda på Arnøya i Skjervøy

Årviksand er den største bygdaArnøya i Skjervøy kommune, med om lag 150 innbyggjarar. Bygda ligg ved Årvikbukta i Lopphavet, med utsikt til Fugløya. Årviksand er i dag den nordlegaste busette staden på øya, ved enden av Fylkesveg 347. I Årviksand er det postkontor, butikk, barneskule og barnehage.

Under andre verdskrigen skjulte norske og sovjetiske partisanar seg for nazistane i ei hola i Rotvåg, eit stykke nord for Årviksand. Her observerte dei båttrafikken i området, og rapporterte både til London og Moskva. Då dei hadde lege der i nokre månader, vart dei oppgjevne til nazistane av lokale informantar, og nokre av dei vart drepne. Det er sett opp eit minnesmerke for dei avlidne partisanane midt i bygda.[1]

Av næringsverksemd er fiskebruket Årvikbruket det viktigaste. Bruket har 13 fast tilsette, og hadde i 2008 ein omsetnad på 26 548 000.[2] Her vert det produsert saltfisk, tørrfisk og klippfisk. Årviksand Verksted er ein bilverkstad med fem tilsette.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Siw Haugnes, arkivert frå originalen 29. november 2014, henta 3. august 2010 
  2. Bedriftsdatabasen[daud lenkje]
  Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.