Opna hovudmenyen

Åsmund Larsson Grave (18. mai 18185. februar 1877) var ein norsk kontorist, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Høydalsmo i Telemark.

Åsmund Larsson Grave
Fødd 18. mai 1818
Død 5. februar 1877

Grave var son til ein gardbrukar på Espetveit i Høydalsmo. Han var i teneste hos futenKviteseid, der han etter kvart vart kontorist og fullmektig. Så gifta han seg til garden Midbøen i Seljord, sidan var han gardbrukar på Grave i Seljord. Frå 1851 var han lensmann i Seljord. Han dreiv mykje med handel av gardar, og skal ha vore den rikaste mannen i Øvre Telemark.

Grave var medlem av heradsstyret i Seljord frå 1844, ordførar 1845 og 1849-51. Han var forlikskommissær frå 1850. Grave var mellom stiftarane av Seljord Sparebank, og var direktør i same i årevis.

Åsmund Grave var valmann i tretti år, 1847-76. Han vart vald til stortingsmann 1851-66. På Stortinget var han sekretær i budsjettkomiteen 1851-57 og 1859-63, visesekretær i Stortinget 1857-64, sekretær i Odelstinget 1859-66. Dessutan var han 1858 medlem av tollkomiteen, 1862-63 av skoglovskomiteen, 1865-66 av budsjettkomiteen. I 1862 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til opninga av jarnbanen mellom Stockholm og Göteborg.

Han døydde på garden sin i Seljord i 1877.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914