Opna hovudmenyen

Éleni Jórgiou Paparízou (fødd Éleni Paparízou31. januar 1982 i Göteborg), kjend som Élena Paparízou, er ein gresk-svensk songar og modell. Paparízou voks opp i ein gresk familie dels i Sverige og dels i Hellas. I 1999 vart ho kjend som den eine halvparten i techno-duoen Antique, saman med Níkos Panagiotídis.

Élena Paparízou
Helena Paparizou @ "Vrady me ton Petro Kostopoulo".jpg
Fødd 31. januar 1982
Borås
Yrke songar, modell, komponist, skodespelar, låtskrivar, programleiar
Élena Paparízou på Commons

Innhaldsliste

EurovisionEndra

Eurovision Song Contest 2001Endra

Fyrste gongen ho deltok i Eurovision var då ho representerte Hellas med Antique i Eurovision Song Contest 2001 i København i Danmark. Den gongen enda duoen på tredjeplass med songen «Die For You».

Eurovision Song Contest 2005Endra

I 2005 vart ho igjen utvald til å representera Hellas i Eurovision, denne gongen som soloartist. Eurovision Song Contest 2005 vart arrangert i Kiev i Ukraina, og her vann Paparízou tevlinga med «My Number One». Ho fekk 230 poeng, 38 poeng meir enn andreplassen, Malta.

Eurovision Song Contest 2006Endra

Paparízou framførde «My Number One» og «Mambo» under Eurovision Song Contest 2006 i Aten i Hellas.

Melodifestivalen 2013Endra

Under Melodifesitvalen 2013, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførde ho songen «Popular», som Eric Saade enda på tredjeplass med i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland.

Melodifestivalen 2014Endra

Paparízou skal delta med songen «Survivor» i den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2014, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.

Diskografi som soloartistEndra

  • Protereotita (2004)
  • Iparhi Logos (2006)
  • The Game of Love (2006)
  • Vrisko To Logo Na Zo (2008)
  • Giro Apo T' Oneiro (2010)

KjelderEndra