Opna hovudmenyen

Økologi

vitskap
(Omdirigert frå Økologisk)
Økologi handlar om samspelet mellom ulike organismar og mijøet rundt,

Økologi er vitskapleg studie av levande organismar, med hovudvekt på samspelet mellom desse og miljøet rundt dei.[1] Omgrepet vart introdusert av den tyske biologen og filosofen Ernst Haeckel (1834–1919) på midten av 1800-talet og er avleia av dei greske orda oikos ('hus, heim, hushald') og logos ('ord, lære'). Økologi og biologi har nært slektskap, men det tangerer òg mot andre vitskaplege felt, slik som kjemi, fysikk, geologi, geografi og samfunnsvitskap.

Organismar blir påverka både av andre levande vesen, biotiske faktorar, og faktorar som ikkje er levande, eller abiotiske. Nokre abiotiske faktorar er til dømes temperatur, mengd av vatn og kva stoff som finst i miljøet. Nokre biotiske faktorar kan vera større dyr og plantar, sopp og mikroorganismar. Dei kan vera føde, predatorar, konkurrentar eller symbiotiske hjelparar fro kvarandre.[1]

I daglegtale kan ein ofte bruka «økologi» med andre eller avleia tydingar enn den reint vitskaplege. Omgrepet økologisk blir gjerne brukt synonymt med naturleg, miljøvenleg, berekraftig.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Semb-Johansson, Arne; Hjermann, Dag Øystein; Ratikainen, Irja Ida (23. september 2019). «økologi». Store norske leksikon (på norsk). 
Biologi
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | abiogenese | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.