Øvstebø i Bergen
Øvstebø (òg skrive Øfstebø) er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Dyrdalselva, sørvest for Dyrdalsvatnet.
Øvstebø | |||
stad | |||
Øvstebø
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 64 | ||
Ferdselsårer | Øvstebøvegen | ||
Wikimedia Commons: Øvstebø |
Det er framleis gardsdrift på garden.
Namn
endreNamnet kjem frå norrønt Òfstibær, som tyder «den øvste garden».
Øvstebøvegen er kalla opp etter garden.
Historie
endreGarden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster fram til Vincens Lunge tok over i 1528. Seinare høyrte garden til Lungegårdsgodset.
Geografi
endreGarden omfattar det meste av den øvste Dyrdalen og fjellområda kring Dyrdalsvatnet (436 moh.) mellom Hausdalshorga (775 moh.) i aust, Austefjellet (808 moh.) i nordaust, Nobbane (713 moh.) og Slettegga i vest. Sjølve gardsbruket ligg heilt sør i området.
Garden grensar til Unneland i nord, Hausdal i aust, Samdal i sør og Lund i vest.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.