Nonneseter kloster i Bergen

60°23′23.928″N 5°19′57.133″E / 60.38998000°N 5.33253694°E / 60.38998000; 5.33253694

Den kvite, firkanta bygningen med pyramidetak attmed Nonneseter haldeplassbybanen er restane etter tårnet på kyrkja i Nonneseter kloster, den såkalla tårnfoten. Kapellet er den andre resten som er teke vare på. Det ligg rett attom den kvite bygningen som ligg langsetter gata nedanom tårnfoten.
Nonneseter kapell vart berga av Fortidsminneforeningen i 1891.
Foto: Nina Aldin Thune

Nonneseter kloster var eit kloster for kvinner i Bergen i mellomalderen. Med unnatak for tårnfoten og det søndre kor-kapellet frå klosterkyrkja, er alt anna borte no.

Tårnfoten og kor-kapellet ligg no skild frå kvarandre av våre dagars bygningar attmed Nonneseter haldeplass for bybanen i Kaigaten. I mellomalderen låg denne staden ved eit sund mellom Store og Lille Lungegårdsvann. Tårnfoten, som inni har eit rom i romansk stil med krysskvelv, er vigsla som minnerom over falne i den andre verdskrigen, kalla Minnehallen. Kor-kapellet sønnanfor (i Kaigaten 3), har òg eit rom med krysskvelv, men i gotisk stil, og har vore nytta som kyrkje for døve i tida 1951–1989.

Soga endre

Klosterkyrkja vart rive i 1705, men arkeologiske granskingar og utgravingar har vore gjort fleire gongar, og utgravingar allereie på 1890-talet avdekka grunnplanen og andre detaljar om kyrkja. Arkitekt Peter Blix granska i 1872 av det som då stod att av steinbygningane, og dette vart følgt opp i 1891 av arkitekt Schack Bull. Resultata vart publisert av B.E. Bendixen. I 1996 og 1997 vart det gjort granskingar av Rory Dunlop frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU), og i 2006 og 2008 av Alf Tore Hommedal og Ambjørg Reinsnos frå same institusjon i samband med at bybanen vart bygd i gata forbi staden. Granskingane har synt at Nonneseter arkitektonisk har vore organisert i ein firkant i samsvar med vanleg gamalt mønster, med ei einskipa, om lag 33 meter lang klosterkyrkje i nord, orientert i nordvest-søraustretninga. Koret har vorte utvida på andre halvparten av 1200-talet, slik at kyrkja vart om lag femti meter lang, tårnfoten og koret medrekna. Koret har anten vore avslutta apsidalt (ved ein bogeforma apsis), eller mest truleg ved ein rett vegg, ettersom det vart funne sprosser og andre leivningar av eit stort grindverksvindauge som må ha stått i ein rett vegg. Golvet i kyrkja har vore kledd med glaserte kvadratiske teglflisar i raudt, grønt og gult.

Tårnfoten, som altså framleis står, er om lag på 8,6 x 8,6 meter, og er den nedste parten av eit høgt kyrkjetårn med med innvendig vindeltrapp. Då til dømes cistercienserkloster ikkje skulle ha klokketårn i stein, har det vore argumentert for at tårnfoten tyder på at Nonneseter ikkje kan ha vore eit cisterciensar-kloster skipa kring 1150, slik det har vore hevda, men eit benediktinarkloster frå fyrste halvpart av 1100-talet, kan hende frå 1120-talet.

Det er elles ikkje mykje som i dag er kjend om klosteret og den verksemda som gikk føre seg der. Men det er på det reine at klosteret har vore rikt og mektig i si tid. I 1528 femna jordegodset i klosteret si eiga om nær 300 gardar og partar av gardar frå Sunnhordland i sør til Nordfjord i nord, med hovudparten i Sogn og Sunnhordland. Klosteret hadde lakserett i Oselva i Os sør for Bergen, og vart òg ein viktig eigar i Bergen ved å ha fleire av lager- og forretningsgardane på Bryggen, truleg Søstergården, seinare òg Kappen og den elles ukjende Aagothun. i 1509 fekk klosteret òg stadfest å ha eigedomsrett til halve Sydnes. Eigendomen strakte seg over det som no er Marken og Hospitalsengen og det næraste området av Nygård. Rester av klosterhagen eksisterte fram til 1890-åra.

Litteratur endre