Hausdal (òg skrive Haugsdal) er ein gard lengst aust i Fana i Bergen kommune og inst i det tronge dalføret til Oselva mellom høge fjell.

Hausdal
stad
Hausdal
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 66
Wikimedia Commons: Hausdal

Det er framleis gardsdrift på garden.

Namn endre

Namnet kjem frå norrønt Hausadalr, som kjem av haus, som tyder «rund fjellknatt».

Historie endre

I mellomalderen høyrte garden til Nonneseter kloster, men vart i 1528 overteke av Vincens Lunge. Frå kring 1650 var garden ein del av godset til Hannibal Sehested, og frå 1680-åra høyrte han til lektoratet ved Latinskolen. I 1741 tok Seminarum Fredricianum over garden, og sidan 1834 var garden i bondesjølveige.

Geografi endre

Garden ligg nord for Samdalen mellom dei høgaste fjella i Bergen kommune og omfattar mellom anna den søre delen av Gullfjellet. Det høgaste punktet på garden er Søre Gullfjellstoppen på 962 moh. Gullfjellet ligg nord på garden i lag med Austefjellet (808 moh). I vest ligg Hausdalshorga (784 moh) og i sør Sveningen (769 moh). Mellom Hausdalshorga og Gullfjellet strekkjer Hausdalen seg oppover, og mellom Gullfjellet og Sveningen går Brekkedalen over til Samnanger kommune. Sjølve gardsbruket ligg heilt sør på området som høyrer til garde, og frå her går det skogsvegar og turstiar til dei nemnde fjella.

Garden grensar til Unneland og Nedre Romslo i nord, Øvstebø i vest, Samdal i sør. I søraust ligg Os kommune og i aust Samnanger.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hausdal