Goughøya
Goughøya, òg kjent historisk som Gonçalo Álvares etter den portugisiske utforskaren, er ei vulkansk øy i Sør-Atlanteren. Administrativt er ho ein del av øygruppa Tristan da Cunha og ein del av det britiske oversjøiske territoriet St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha. Øya har ikkje folkesetnad, sett bort frå personellet på ein vêrstasjon (vanlegvis seks personar) som det sør-afrikanske nasjonale antarctic-programmet har oppretthalde kontinuerleg på øya sidan 1956. Dette er ein av dei meste avsidesliggande stadane med konstant menneskeleg nærvære.
Goughøya | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Region | St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha | ||
Del av | Gough and Inaccessible Islands | ||
Stad | Sør-Atlanteren | ||
Lengd | 13 km | ||
Breidd | 7 km | ||
Høgd | 910 m | ||
Areal | 91 km² | ||
Folketal | 6 (1956)[1] | ||
Goughøya 40°19′S 9°56′W / 40.32°S 9.94°W | |||
Wikimedia Commons: Gough Island |
Goughøya ligg ca. 400 km søraust for Tristan da Cunha-øyane, 2400 km nordaust for Sør-Georgia, 2700 km vest for Cape Town og over 3200 km frå det næraste punktet i Sør-Amerika. Flatevidda er ca. 90 km².
Nesten alle verdas par av tristanalbatross, Diomedea (exulans) dabbenena, hekkar på denne øya. Dessutan hekkar òg gulnasealbatross, Thalassarche chlororhynchos, sotalbatross, Phoebetria fusca, og mange andre stormfuglar på Goughøya. Tanagaren goughsporv, Rowettia goughensis, er ein fugleart som er endemisk for øya.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gough Island» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2017.
«Gough» i Store norske leksikon, snl.no.