Tristanalbatross

fugleart
Tristanalbatross
Tristanalbatross Foto: Michael Clarke Stuff
Tristanalbatross
Foto: Michael Clarke Stuff
Status
Status i verda: CR Kritisk truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Diomedea
Art: Tristanalbatross D. dabbenena
Vitskapleg namn
Diomedea dabbenena

Tristanalbatross[1] (Diomedea dabbenena) er ein stor medlem av albatrossfamilien som beitar i Sør-Atlanteren, og delvis austover sørlege Indiahavet mot Australia. Han er endemisk hekkefugl til øya Gough søraust for øygruppa Tristan da Cunha. Populasjonen er mykje redusert grunna predasjon frå innførte artar, er framleis trudd å minke sterkt. Til havs er trugsmålet linefiske, og på hekkeplassen er det predasjon frå husmus på albatrossungar.[2]

Skildring endre

Ein vaksen tristanalbatross har kroppslengd på ca. 110 centimeter, eit vengspenn på opptil 3,5 meter og veg mellom 6,8 og 7,3 kilogram. Hannar er tyngre enn hoer.[2] Tristanalbatrossen er praktisk talt umåglege å skilje frå vandrealbatrossar i felt på havet, men dei er litt mindre og har ein litt mørkare rygg enn vandrealbatrossar. Han oppnår heller ikkje den fullstendige kvite fjørdrakta som eldre vandrealbatrossar kan få, og nebbet er ca. 25 mm kortare.

Føda er blekksprut, fisk og krepsdyr. Dei beitar på opent hav, pelagisk, nær vassoverflata. Åtferda deira, som inkluderer det å flyge over lange avstandar for å søke etter føde, følge båtar, beite aggressivt på fiskslakteavfall og å dukke etter agn, gjer dei utsette for å drukne under setting av fiskeliner.[3]

På grunn av vansken ved å skilja dei frå vandrealbatrossar, er utbreiinga for tristanalbatrossen til havs framleis ikkje fullt kjent, men bruk av satellittsporing har vist at dei beitar mykje i Sør-Atlanterhavet, med hannar hovudsakleg vest for Tristan da Cunha mot Sør-Amerika og hoer i aust mot Afrika.[treng kjelde] Det har vore observasjonar av tristanalbatross i nærleiken av Brasil og òg utanfor kysten av Australia.[4]

Tristanalbatrossane er endemiske til øygruppa Tristan da Cunha med Goughøya. Det meste av populasjonen i verda hekkar på Gough, rundt 1700 par. Tidlegare hekka fleire hundre par på Inaccessible Island, no hekkar 2-3 par årleg på øya.[4]

Dette er monogame fuglar som generelt lever i livslange pardanningar. I gjennomsnitt blir dei kjønnsmodne ca. 10 år gamle. Dei hekkar i toårssyklusar. Hekkeplassen ligg vanlegvis 400 til 700 meter over havet, høveleg for å ta til flukt, og for landing.[4]

Taksonomisk status endre

Konservative, men autoritative fagfolk og instansar reknar tristanalbatrossen for å vere ein underart, D. exulans dabbenena eller D. e. exulans av vandrealbatross, kanskje fordi artstaksonet ikkje har vorte handsama i ein formell taksonomisk revisjon. eBird/Clements Checklist v2017 er mellom desse.[5][1] HBW Alive, derimot, har skildra tristanalbatross som ein sjølvstendig art.[2]

Vern og trugsmål endre

Arten var tidlegare truga av introduserte artar som rotter, kattar og griser, men desse er no fjerna frå hekkeområda. Dette resulterte i auke i muspopulasjonen, husmus drep albatrossungar i stort tal.[6] I dag trur ein den største trusselen mot arten er ein kombinasjon av linefiske og desse musene.

Populasjonen er estimert til å ligge rundt 7100 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som kritisk truga.[7][4]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Norske namn på palearktiske artar som ikkje er godtatte artar i eBird/Clements Checklist. Vedlegg til artikkelen Nye norske fuglenavn, Norsk navnekomité for fugl (NNKF), 21. desember 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 del Hoyo, J., Collar, N. & Kirwan, G.M. (2017) Tristan Albatross (Diomedea dabbenena) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. desember 2017
  3. Department of the Environment (2017). Diomedea dabbenena in Species Profile and Threats Database, Department of the Environment, Canberra, henta den 25. desember 2017
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 BirdLife International (2017) Species factsheet: Diomedea dabbenena. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. desember 2017
  5. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  6. Wanless, Ross M.; Angel, Andrea; Cuthbert, Richard J.; Hilton, Geoff M.; Ryan, Peter G. (7 June 2007). «Can predation by invasive mice drive seabird extinctions?». Biology Letters 3 (3): 241–244. ISSN 1744-9561. PMC 2464706. PMID 17412667. doi:10.1098/rsbl.2007.0120. Henta 25. desember 2017. 
  7. BirdLife International. 2017. Diomedea dabbenena IUCN raudliste, henta den 26. desember 2017

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tristanalbatross