Øyar i Skottland
Denne lista over øyar i Skottland inneheld først og fremst ei oppføring over alle øyane innanfor grensene til Skottland som er større enn 0,4 km² og eller er busette. Det vi her vil referere til «fastlandet» i Skottland er òg del av ei øy, nordenden av øya Storbritannia. Med «øy» forstår vi her «eit landområde som er mindre enn eit kontinent og større enn ein stein eller eit skjer, og som er heilt omgjeve av vatn ved normal vasstand». Ei øy kan altså ha samband til fastlandet med andre øyer ved lågvatn, eller via menneskeskapte konstruksjonar som bruer og vegfyllingar og framleis vere ei separat øy.
Skottland har over 790 øyar utanfor kysten av fastlandet, dei fleste av desse ligg innanfor fire hovudgrupper Shetlandsøyane, Orknøyane og Hebridane, som igjen vert delt inn Indre og Ytre Hebridane.[1] Det er òg mindre grupper av øyer i fjordane Firth of Clyde, Firth of Forth, Firth of Lorne og Solway Firth, og mange mindre øyar i dei mange innsjøane i Skottland, mellom dei Loch Lomond and Loch Maree.
Mellom mange av desse er farvatnet grunt, og fleire øyar har landsamband seg imellom ved lågvatn. Andre er knytte saman ved vegfyllingar over havnivå eller over bruer. I nokre av sunda mellom øyane kan det vere sterke tidvasstraumar. Tidvatnet i Corryvreckan mellom Jura og Scarba er ein av dei sterkaste malstraumane i verda. Andre sterke tidvasstraumar finst i Pentland Firth mellom fastlandet og Orknøyane og mellom Scarba og Lunga.[1]
Øyane har forskjellig geologi og geomorfologi. Nokre øyar som Skye og Mull er fjellrike, medan andre som Tiree og Sanday er relativt flate og lågtliggande. Mange har grunnfjell av gneis frå arkeikum som er over 3 milliardar år gamle. Andre, som Shapinsay og andre øyar i Orknøyane, er forma av sandstein av typen gammalraud sandstein som er om lag 400 millionar år gammal, medan andre igjen, som til dømes Rùm, er forma av meir nylege vulkanar frå tertiærtida.[2]
Den største øya er Lewis og Harris som har eit flatemål på 2 179 kvadratkilometer, og det er til saman 200 øyar som er større enn 0,4 km². Av dei gjenverande er det fleire, slik som Staffa og Flannan Isles som har vorte kjende trass i at dei er små.[1]
I følgje folketeljinga i 2001 var 97 skotske øyer busette. Mange øyar som tidlegare har vore busette, som Mingulay, Noss og St. Kilda-øyane har vorte fråflytta i løpet av det siste hundreåret. I dag er det berre 14 øyer som har meir enn 1 000 innbyggjarar, og 45 som har meir enn 100 innbyggjarar. Mellom 1991 og 2001 fall folketalet for øyane totalt med 3 prosent, sjølv om det var 35 øyar der folketalet faktisk auka på nittitalet. Totalt hadde dei skotske øyane i 2001 99 739 innbyggjarar.[3]
Kulturen på øyane har vorte påverka på rekke og rad av keltisk-, norrønt- og engelsk-talande grupper, og dette ser ein att i namna øyane i dag er kjent under. Dei fleste av øyane i Hebridane har namn av skotsk-gælisk opphav, medan dei nordlege øyane i Orknøyane og på Shetland gjerne har norrøne namn som er anglifisert (eller gælifisert). Nokre få av namna har namn med brytonisk eller til og med før-keltisk opphav.[1] Noko som kjenneteiknar det moderne øylivet er at det er særs liten kriminalitet, og dei vert rekna av dei tryggaste stadane å bu innanfor Storbritannia.[4]
Rockall er ei busetnadslaus øy (skjer) i Nord-Atlanterhavet, 350 km vest for Ytre Hebridane. Ho vart annektert av Storbritannia i 1955, og tilordna den skotske hebridiske øya Harris. I 1972 vart ho erklært som del av Storbritannia gjennom Island of Rockall Act. [5][6] Eigarskapet til Rockall er likevel omstridd då Danmark (på vegne av Færøyane), Irland, Island og Storbritannia alle krev rettane til havbotn utanfor øya.[7][8]
Større øyer
endreDette er ei liste over skotske øyar som har eit areal større enn 0,4 km² og/eller er busette. «Gruppe»-inndelinga, som i dei fleste tilfelle gjev ei betre skildring av geografisk lokalisering enn administrativ tilhøyrsle eller liknande, er basert på Haswell-Smith (2004). Dei viktigaste grupperingane er: Firth of Clyde, Islay, Slate Islands, Mull, Small Isles, Skye, Lewis og Harris, Uist og Barra, St. Kilda, Orknøyane, Shetlandsøyane og Firth of Forth. I nokre få tilfelle, der øyar ikkje høyrer til nokre av desse områda, er administrativt distrikt eller andre skildrane namn brukt. «F» tyder ferskvassøyar (øy i innsjø).
Øy | Gælisk namn | Norrønt namn | Gruppe | Areal (km²)[9] | Folketal[3] | Høgde(moh)[10] |
---|---|---|---|---|---|---|
Ailsa Craig | Creag Ealasaid | - | Øyane i Firth of Clyde | 0,99 | 0 | 338 |
Arran | Eilean Arainn | Háarey | Øyane i Firth of Clyde | 432,01 | 5 045 | 874 |
Auskerry | - | Austrsker | Orknøyane | 0,85 | 5 | 18 |
Baleshare | Baile Sear | - | Uistøyane og Barra | 9,10 | 49 | 12 |
Balta | - | Baltey | Shetland | 0,80 | 0 | 44 |
Barra | Barraigh, Eilean Bharraigh | Barrey | Uistøyane og Barra | 58,75 | 1 078 | 383 |
Barra Head | Beàrnaraigh Cheann Bharraigh eller Beàrnaraigh an Easbaig |
Bjarnarey | Uistøyane og Barra | 2,04 | 0 | 193 |
Benbecula | Beinn nam Fadhla | - | Uistøyane og Barra | 82,03 | 1 219 | 124 |
Berneray i North Uist | Beàrnaraigh na Hearadh | Bjarnarey | Uistøyane og Barra | 10,10 | 136 | 93 |
Bigga | - | Bygdey | Shetland | 0,78 | 0 | 34 |
Boreray | Borgarey | St. Kilda | 0,77 | 0 | 384 | |
Boreray | Borgarey | Uistøyane og Barra | 2,04 | 0 | 56 | |
Bressay | Breiðisey | Shetland | 28,05 | 384 | 226 | |
Brother Isle | Shetland | 0,40 | 0 | 25 | ||
Bruray | Broðirsey | Out Skerries | 0,55 | 26 | 53 | |
Burray | Borgarey | Orknøyane | 9,03 | 357 | 80 | |
Bute | Øyane i Firth of Clyde | 122,17 | 7 149 | 278 | ||
Calf of Eday | Orknøyane | 2,43 | 0 | 54 | ||
Calve Island | Mull | 0,72 | 0 | 20 | ||
Canna | Small Isles | 11,30 | 6 | 210 | ||
Cara | Islay | 0,66 | 0 | 56 | ||
Càrna | Mull | 2,13 | 0 | 169 | ||
Cava | Orknøyane | 1,07 | 0 | 38 | ||
Ceallasaigh Mòr | Ceallasaigh Mòr | Kjeldasey Mikla | Uistøyane og Barra | 0,44 * | 0 | 10 |
Ceann Ear | Ceann Ear | Heisker | Monach Islands | 2,03 | 0 | 17 |
Ceann Iar | Ceann Iar | Heisker | Monach Islands | 1,54 | 0 | 19 |
Coll | Coll | - | Mull | 76,85 | 164 | 104 |
Colonsay | Colbhasa | Colonsey | Islay | 40,74 | 108 | 143 |
Copinsay | Orknøyane | 0,73 | 0 | 64 | ||
Danna | Islay | 3,15 * | 5 | 54 | ||
Davaar | Øyane i Firth of Clyde | 0,52 * | 2 | 115 | ||
Easdale | Slate Islands | <20 * | 58 | 38 | ||
East Burra | - | Austra Borgarey | Shetland | 5,15 | 66 | 81 |
Eday | Orknøyane | 27,45 | 121 | 101 | ||
Egilsay | Egilsey | Orknøyane | 6,50 | 37 | 35 | |
Eigg | Small Isles | 30,49 | 67 | 393 | ||
Eileach an Naoimh | Garvellachs | 0,56 | 0 | 80 | ||
Eilean Bàn i Lochalsh | Highland | <10 * | 2 | 5 | ||
Eilean Chaluim Chille | Eilean Chaluim Chille | Lewis og Harris | 0,85 | 0 | 43 | |
Eilean Donan | Highland | <1 * | 1 | 3 | ||
Eilean Dubh Mòr | Slate Islands | 0,65 | 0 | 53 | ||
Eilean Liubhaird | Lewis og Harris | 1,25 | 0 | 76 | ||
Eilean Kearstay | Lewis og Harris | 0,77 | 0 | 37 | ||
Eilean Macaskin | Islay | 0,50 | 0 | 65 | ||
Eilean Mòr | Crowlin Islands | 1,70 | 0 | 114 | ||
Eilean nan Ròn | Highland | 1,38 | 0 | 76 | ||
Eilean Righ | Islay | 0,86 | 0 | 55 | ||
Eilean Ruairidh Mòr (F) | Eilean Ruairidh Mòr | Loch Maree | 0,41 * | 0 | 51 | |
Eilean Shona | Eilean Shona | Sjóney | Small Isles | 5,25 | 9 | 265 |
Eilean Sùbhainn (F) | Eilean Sùbhainn | Loch Maree | 1,18 * | 0 | 36 | |
Eileanan Iasgaich | Uistøyane og Barra | 0,50 | 0 | 23 | ||
Ensay | Uistøyane og Barra | 1,86 | 0 | 49 | ||
Eorsa | Mull | 1,22 | 0 | 98 | ||
Eriska | Eiriksey | Loch Linnhe | 3,10 * | 0 | 47 | |
Eriskay | Eiriksey | Uistøyane og Barra | 7,03 | 133 | 185 | |
Erraid | Mull | 1,87 | 8 | 75 | ||
Eynhallow | - | Eyin Helga | Orknøyane | 0,75 | 0 | 30 |
Fair Isle | - | Friðarey | Shetland | 7,68 | 69 | 217 |
Fara | Orknøyane | 2,95 | 0 | 43 | ||
Faray | Orknøyane | 1,80 | 0 | 32 | ||
Fetlar | - | Shetland | 40,78 | 86 | 158 | |
Fiaray | Uistøyane og Barra | 0,41 | 0 | 30 | ||
Flodaigh | Flodaigh | Flotey | Uistøyane og Barra | 1,45 * | 11 | 20 |
Flodaigh Mòr | Flodaigh Mòr | Flotey Mikla | Uistøyane og Barra | 0,58 | 0 | 28 |
Flodday i Sound of Barra | Flotey | Uistøyane og Barra | 0,40 | 0 | 41 | |
Flotta | - | Flotey | Orknøyane | 8,76 | 81 | 58 |
Foula | - | Fugley | Shetland | 12,65 | 31 | 418 |
Fuaigh Mòr (Vuia Mòr) | Fuaigh Mòr | Fuðey Mikla | Lewis og Harris | 0,84 | 0 | 67 |
Fuday | Fuðey | Uistøyane og Barra | 2,32 | 0 | 89 | |
Fuiay | Fuðey | Uistøyane og Barra | 0,84 | 0 | 107 | |
Gairsay | - | Geirsey | Orknøyane | 2,40 | 3 | 102 |
Garbh Eileach | Garbh Eileach | Garvellachs | 1,42 | 0 | 110 | |
Garbh Eilean | Garbh Eilean | Shiant Islands | 1,43 | 0 | 160 | |
Garbh Eilean i Loch Maree (F) | Garbh Eilean | Loch Maree | 0,65 * | 0 | 25 | |
Gigha | Gigha | Guðey | Islay | 13,95 | 110 | 100 |
Gighay | Gigha | Gyðaey | Uistøyane og Barra | 0,96 | 0 | 95 |
Glims Holm | - | Glimsholminn | Orknøyane | 0,55 | 0 | 32 |
Gometra | Goðrmaðraey | Mull | 4,25 | 5 | 155 | |
Graemsay | Orknøyane | 4,09 | 21 | 62 | ||
Great Bernera | Bjarnarey Mikla | Lewis og Harris | 21,22 | 233 | 87 | |
Great Cumbrae | Øyane i Firth of Clyde | 11,68 | 1 434 | 127 | ||
Grimsay | Grimsey | Uistøyane og Barra | 8,33 | 201 | 22 | |
Grimsay (South) | Grimsey | Uistøyane og Barra | 1,17 * | 19 | 20 | |
Gruinard Island | Highland | 1,96 | 0 | 106 | ||
Gunna | Mull | 0,69 | 0 | 35 | ||
Handa | Highland | 3,09 | 0 | 123 | ||
Hascosay | Shetland | 2,75 | 0 | 30 | ||
Hellisay | Hellisey | Uistøyane og Barra | 1,42 | 0 | 79 | |
Hermetray | Hermunðarey | Uistøyane og Barra | 0,72 | 0 | 35 | |
Hildasay | - | Hildisey | Shetland | 1,08 | 0 | 32 |
Hirta | Hiort | Hirtir eller Kelda | St. Kilda | 6,70 | 0 | 430 |
Holy Isle | Øyane i Firth of Clyde | 2,53 | 13 | 314 | ||
Horse Island | Summer Isles | 0,53 | 0 | 60 | ||
Housay | - | Husey | Out Skerries | 1,63 | 50 | 53 |
Hoy | - | Háey | Orknøyane | 134,58 | [11] | 272479 |
Hunda | - | Hundey | Orknøyane | 1,0 | 0 | 41 |
Iona | Hiey | Mull | 8,77 | 125 | 100 | |
Inchcolm | Øyane i Firth of Forth | 0,9 * | 2 | 34 | ||
Inchfad (F) | Loch Lomond | c.40 * | 2 | 24 | ||
Inch Kenneth | Mull | 0,55 | 0 | 49 | ||
Inchlonaig (F) | Loch Lomond | 0,77 * | 0 | 62 | ||
Inchmarnock | Øyane i Firth of Clyde | 2,66 | 0 | 60 | ||
Inchmurrin (F) | Loch Lomond | 1,33 * | 13 | 89 | ||
Inchtavatnach (F) | Loch Lomond | 0,52 * | 3 | 84 | ||
Innis Chonan (F) | Loch Awe | 0,8 * | 1 | 62 | ||
Isay | Skye | 0,60 | 0 | 28 | ||
Islay | Juley | Islay | 619,56 | 3 457 | 491 | |
Isle Martin | Summer Isles | 1,57 | 0 | 120 | ||
Isle of Ewe | Highland | 3,09 | 12 | 72 | ||
Isle of May | Øyane i Firth of Forth | 0,45 | 0 | 50 | ||
Isle Ristol | Summer Isles | 2,25 * | 0 | 71 | ||
Jura | Islay | 366,92 | 188 | 785 | ||
Kerrera | Mull | 12,14 | 42 | 189 | ||
Killegray | Lewis og Harris | 1,76 | 0 | 45 | ||
Kirkibost | Kirkibost | Uistøyane og Barra | 2,05 | 0 | 7 | |
Lamba | - | Lambey | Shetland | 0,43 | 0 | 35 |
Lamb Holm | - | Lambholminn | Orknøyane | 0,40 | 0 | 20 |
Lewis og Harris | Leòdhas agus na Hearadh | Ljoðhus ok Herað | Lewis og Harris | 2 178,98 | 19 918 | 799 |
Linga near Muckle Roe | Lingey i Mikla Raudey | Shetland | 0,70 | 0 | 69 | |
Linga near Yell | Lingey i Jalar | Shetland | 0,45 | 0 | 26 | |
Linga Holm | Lingholminn | Orknøyane | 0,57 | 0 | 10 | |
Lismore | Mull | 23,51 | 146 | 127 | ||
Little Bernera | Bjarnarey Litla | Lewis og Harris | 1,38 | 0 | 41 | |
Little Colonsay | Colbhasa Beag | Colonsey Litla | Mull | 0,88 | 0 | 61 |
Little Cumbrae | Cumaradh Beag | Kumrey Litla | Øyane i Firth of Clyde | 3,13 | 0 | 123 |
Longa Island | Langey | Highland | 1,26 | 0 | 70 | |
Longay | Langey | Skye | 0,50 | 0 | 67 | |
Luing | Slate Islands | 14,30 | 212 | 94 | ||
Lunga | Slate Islands | 2,54 | 7 | 98 | ||
Lunga | Treshnish Isles | 0,81 | 0 | 103 | ||
Mainland i Orknøyane | - | Meginland i Orkneyjar | Orknøyane | 523,25 | 15 315 | 271 |
Mainland (Shetland) | - | Meginland i Hjaltland | Shetland | 968,79 | 17 550 | 450 |
Mealista | Eilean Mhealasta | Meðalstadey | Lewis og Harris | 1,24 | 0 | 77 |
Mingulay | Mikiley | Uistøyane og Barra | 6,40 | 0 | 273 | |
Moncrieffe Island (F) | River Tay | 0,46 * | 3 | 5 | ||
Mousa | - | Mósey | Shetland | 1,80 | 0 | 55 |
Muck | Small Isles | 5,59 | 30 | 137 | ||
Muckle Roe | - | Mikla Raudey | Shetland | 17,73 | 104 | 267 |
Muldoanich | Muldoanich | Uistøyane og Barra | 0,78 | 0 | 153 | |
Mull | Mull | 875,35 | 2 667 | 966 | ||
North Rona | Atlantic Outlier | 1,09 | 0 | 108 | ||
North Ronaldsay | Orknøyane | 6,90 | 70 | 20 | ||
North Uist | Nordra Ívist | Uistøyane og Barra | 30,305 | 1 271 | 347 | |
Noss | Shetland | 3,43 | 0 | 181 | ||
Oldany Island | Highland | 2,00 * | 0 | 104 | ||
Oronsay | Islay | 5,43 | 5 | 93 | ||
Oronsay | Uistøyane og Barra | 0,85 | 0 | 25 | ||
Oronsay | Mull | 2,30 * | 0 | 58 | ||
Oxna | - | Oksney | Shetland | 0,68 | 0 | 38 |
Pabay | Papey | Skye | 1,22 | 0 | 28 | |
Pabay Mòr | Papey Mikla | Lewis og Harris | 1,01 | 0 | 68 | |
Pabbay | Papey | Uistøyane og Barra | 2,50 | 0 | 171 | |
Pabbay | Papey | Lewis og Harris | 8,20 | 0 | 196 | |
Papa | - | Papey | Shetland | 0,59 | 0 | 32 |
Papa Little | - | Papey Litla | Shetland | 2,26 | 0 | 82 |
Papa Stour | - | Papey Stora | Shetland | 8,28 | 23 | 87 |
Papa Stronsay | - | Papey Staumsey | Orknøyane | 0,74 | 10 | 13 |
Papa Westray | - | Papey Vesturey | Orknøyane | 9,18 | 65 | 48 |
Priest Island | Summer Isles | 1,22 | 0 | 78 | ||
Raasay | Rásey | Skye | 64,05 | 192 | 443 | |
Ronay | Uistøyane og Barra | 5,63 | 0 | 115 | ||
Rousay | Orknøyane | 48,60 | 212 | 250 | ||
Rùm | Small Isles | 104,63 | 22 | 812 | ||
Samphrey | - | Sandfriðarey | Shetland | 0,66 | 0 | 29 |
Sanda Island | Sandey | Øyane i Firth of Clyde | 1,51 | 1 | 123 | |
Sanday | - | Sandey | Orknøyane | 50,43 | 478 | 65 |
Sanday | Sandey | Small Isles | 1,84 | 6 | 59 | |
Sandray | Sandurey | Uistøyane og Barra | 3,85 | 0 | 207 | |
Scalpay | Skye | 24,83 | 10 | 392 | ||
Scalpay | Lewis og Harris | 6,53 | 322 | 104 | ||
Scarba | Islay | 14,74 | 0 | 449 | ||
Scarp | Lewis og Harris | 10,45 | 0 | 308 | ||
Scotasay | Skotsey | Lewis og Harris | 0,49 | 0 | 57 | |
Seaforth Island | Lewis og Harris | 2,73 | 0 | 217 | ||
Seil | Slate Islands | 13,29 | 560 | 146 | ||
Shapinsay | Hjalpinsey | Orknøyane | 29,48 | 300 | 64 | |
Shillay | Lewis og Harris | 0,47 | 0 | 79 | ||
Shuna | Sjoney | Slate Islands | 4,51 | 1 | 90 | |
Shuna | Loch Linnhe | 1,55 | 0 | 71 | ||
Skye | Skeið | Skye | 1 656,25 | 9 232 | 993 | |
Soay | Soey | Skye | 10,36 | 7 | 141 | |
Soay | Soey | St. Kilda | 0,99 | 0 | 378 | |
Soay Mòr | Soey Mikla | Lewis og Harris | 0,45 | 0 | 37 | |
South Havra | Suðra Havrey | Shetland | 0,59 | 0 | 42 | |
South Rona | Skye | 9,30 | 2 | 125 | ||
South Ronaldsay | Orknøyane | 49,80 | 854 | 118 | ||
South Uist | Suðra Ívist | Uistøyane og Barra | 320,26 | 1 818 | 620 | |
South Walls | Orknøyane | 8,50 * | [11] | 120 (est)57 | ||
St Serf's Inch (F) | Loch Leven | 0,41 * | 0 | 110 | ||
Stockinish Island | Lewis og Harris | 0,49 | 0 | 44 | ||
Stroma | Straumey | Highland | 3,75 | 0 | 53 | |
Stronsay | Orknøyane | 32,75 | 343 | 44 | ||
Stuley | - | Stuley | Uistøyane og Barra | 0,45 | 0 | 40 |
Switha | Orknøyane | 0,41 | 0 | 29 | ||
Swona | Orknøyane | 0,92 | 0 | 41 | ||
Tahay | Taghaigh | Þakey | Uistøyane og Barra | 0,53 | 0 | 65 |
Tanera Beag | Tannara Beag | Hamnarey Litla | Summer Isles | 0,66 | 0 | 83 |
Tanera Mòr | Tannara Mòr | Hamnarey Mikla | Summer Isles | 3,10 | 5 | 124 |
Taransay | Tarasaigh | Taransey | Lewis og Harris | 14,75 | 0 | 267 |
Texa | - | - | Islay | 0,48 | 0 | 48 |
Tiree | Tiriodh | Týrvist | Mull | 78,34 | 770 | 141 |
Torsa | Slate Islands | 1,13 | 0 | 62 | ||
Trondra | - | Þrondaey | Shetland | 2,75 | 133 | 60 |
Ulva | Ulbha | Ulfey | Mull | 19,90 | 16 | 313 |
Unst | - | Orunst | Shetland | 120,68 | 720 | 284 |
Uyea i Northmavine | - | Eyin i Norðr Mæfeið | Shetland | 0,45 | 0 | 70 |
Uyea i Unst | - | Eyin vid Orunst | Shetland | 2,05 | 0 | 50 |
Vaila | - | Valey | Shetland | 3,27 | 2 | 95 |
Vacsay | Vágsey | Lewis og Harris | 0,41 | 0 | 34 | |
Vallay | Kvaley | Uistøyane og Barra | 2,60 | 0 | 38 | |
Vatersay | Vatarsey | Uistøyane og Barra | 9,60 | 94 | 185 | |
Vementry | - | Vemunðarey | Shetland | 3,70 | 0 | 90 |
West Burra | - | Vestra Borgarey | Shetland | 7,43 | 753 | 217 |
West Linga | - | Vestra Lingaey | Shetland | 1,25 | 0 | 52 |
Westray | - | Vesturey | Orknøyane | 47,13 | 563 | 169 |
Whalsay | - | Kvalsey | Shetland | 19,70 | 1 034 | 119 |
Wiay | Bhuia eller Fuidheigh | - | Skye | 1,48 | 0 | 60 |
Wiay | Bhuia eller Fuidheigh | - | Uistøyane og Barra | 0,375 | 0 | 102 |
Wyre | - | Orknøyane | 3,11 | 18 | 32 | |
Yell | - | Jálar | Shetland | 212,11 | 957 | 205 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Liste over øyer i Skottland» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3.
- ↑ McKirdy, Alan Gordon, John & Crofts, Roger (2007) Land of Mountain and Flood: The Geology and Landforms of Scotland. Edinburgh. Birlinn.
- ↑ 3,0 3,1 General Register Office for Scotland (28. november 2003). «Occasional Paper No 10: Statistics for Inhabited Islands». Henta 10. februar 2010.
- ↑ Ross, John (05 October 2007) "Isolated Communities Where Violent Crime Comes as a Shock". Edinburgh. The Scotsman.
- ↑ «On This Day: 21 September». BBC. Henta 10. februar 2010.
- ↑ «House of Lords Hansard». 24. juni 1997. Henta 10. februar 2010.
- ↑ «Oral Questions to the Minister of Foreign Affairs». Dáil Éireann. 1 November, 1973. Arkivert frå originalen 22. august 2006. Henta 10. februar 2010.
- ↑ MacDonald, Fraser (2006). «The last outpost of Empire: Rockall and the Cold War». Journal of Historical Geography 32: 627–647. doi:10.1016/j.jhg.2005.10.009. Arkivert frå originalen 18. februar 2006. Henta 10. februar 2010.
- ↑ Haswell-Smith (2004), forutan dei som er markert med ein asterisk(*), som er anslag basert på kart frå Ordnance Survey og statistikk frå General Register Office for Scotland.
- ↑ Kart frå Ordnance Survey. Merk at sjølv om desse karta gjev høgde over havet for toppar på dei fleste øyane, er det nokre tilfelle der den høgaste toppen ikkje er avmerkt.
- ↑ 11,0 11,1 The 2001 Census does not list South Walls as an island i but includes the total in Hoy. The record for Hoy in this table excludes the estimated total for South Walls. The combined population is listed as 392.