Opna hovudmenyen
Høyrebeina: hammaren, ambolten og stigbøyelen.
Anatomien av dei tre høyrebeina
«Øyrebeinskjeda» er samansett av dei tre høyrebeina og dei tilknytte leddbanda. Sett frå framsida i eit vertikalt tverrsnitt av trommehinna.

Høyreknoklar, øyreknoklar eller ossiklar (av latin ossicula auditus eller ossicula auditoria) er ei nemning på dei tre små knoklane i mellomøyret som samla utgjer øyrebeinskjeda. Dei er blant dei minste knoklane i menneskekroppen, og jobbar med å overføre lyd frå lufta til den væskefylte beinlabyrinten (sniglehuset). Fråvær av høyreknoklar fører til moderat til alvorleg høyrselstap. Ossikkel tyder «liten knokkel», og kan brukast om alle små knoklar i kroppen. Det er likevel vanlegast å bruke omgrepet om hammaren, ambolten og stigbøyelen i mellomøyret.

StrukturEndra

Sjå òg Hammaren i øyret, Ambolten og Stigbøyelen.

Høyreknoklane sortert frå trommehinna til det indre øyret (frå overflatisk til djupt) er hammaren, ambolten og stigbøyelen, som alle tek namn frå latin.

UtviklingEndra

Studiar har vist at høyrebeina i pattedyrfoster er festa til eit tannbein i kjeven. Dette er ossifiserte delar av brusk, nemleg Meckels brusk, som er festa i kjeven. Når fosteret utviklar seg, hardnar brusken og blir til bein. Seinare i utviklinga bryt beinstykket av og migrerer inn i øyret. Dette stykket er kjent som mellomøyret og er danna av stigbøyelen, ambolten, hammaren og trommehinna. Desse korresponderer til søylebeinet, kvadratbeinet, os articulare og leddbeinet i kjeven hjå padder, fuglar og krypdyr. Av denne grunn trur ein at pattedyr og krypdyr deler eit felles opphav.[2]

FunksjonEndra

Når lydbølgjer vibrerer i trommehimma, skapar dei rørsle i den nærliggande hammaren. Hammaren sender vibrasjonane vidare gjennom ambolten til stigbøyelen, til det ovale vindauget (fenestra ovalis), opninga til labyrinten i det indre øyret.

Lyd som reiser gjennom lufta, blir i hovudsak reflektert når den kjem i kontakt med eit flytande medium; berre 1/30 av lydenergien i lufta blir overført til væska.[3] Tenk på det bråe opphøyret av lyd som oppstår når ein dukkar under vatn. Dette skjer fordi væska har ein relativ inkompressibilitet ovanfor lydbølgjene som reiser gjennom lufta. Høyreknoklane gjev trommehinna mekanisk fordel etter vektstongprinsippet og minskar utbreisla av kraftfordeling. Dei resulterande vibrasjonane ville vore mykje svakare viss lydbølgjene reiste direkte frå det ytre øyret til det ovale vindauget. Reduksjonen av kraftfordeling fører til ei auking i trykket slik at meir lydenergi blir overført til væska. Det auka trykket trykker saman væska i sniglehuset og overfører stimulien. Høyreknoklane samlar krafta og aukar følsemda for lyd gjennom impedanstilpassing.

Rørsla til høyreknoklane er likevel kontrollert (og avgrensa) av to tilknytte musklar: trommehinnemuskelen og stigbøyelmuskelen. Éin teori gjev framlegg om at desse musklane trekkjer seg saman for å dempe vibrasjonen i høyreknoklane, for å verne det indre øyret mot overdriven høg lyd. Ein annan teori gjev framlegg om at musklane betrar frekvensoppløysinga ved høgare frekvensar ved å redusere overføringa av låge frekvensar (sjå stapediusrefleks). Desse musklane er godt utvikla hjå skinnvengjer, der dei blokkerer utgåande lyd ved ekkolokalisering.

Klinisk relevansEndra

Ledda mellom høyreknoklane kan verte stive. Ved otosklerose er stigbøyelen smelta saman med det ovale vindauget. Dette minskar høyrsla og kan korrigerast med kirurgi.

HistorieEndra

Ossikkel stammar frå ossiculum (1570) og er eit diminutiv av «bein» (av latin os; genitiv ossis).[4] Hammaren tek namn frå latin malleus, som tyder «hammar»;[5] ambolten tek namn frå latin incus, som tyder «ambolt», frå incudere som tyder «å smi med ein hammar»;[6] og stigbøyelen tek namn frå latin stapes, som truleg er ei endring av det seinlatinske ordet stapia, som tyder «å stå», og pes, som tyder «fot». Dette er eit moderne latinsk ord for «stigbøyel». Det fanst ikkje noko klassisk latinsk ord for dette, sidan dei ikkje hadde stigbøylar på denne tida.[7]

Sjå ògEndra

Denne artikkelen nyttar anatomisk terminologi; for ei oversikt, sjå anatomisk terminologi

KjelderEndra

  1. Your Skull (sp. 5) KidsHealth. Nemours. Vitja 13. februar 2015.
  2. Meng, Jin. "The Journey From Jaw to Ear." Biologist. vol. 50. (2003) p. 154-158.
  3. Hill, R.W., Wyse, G.A. & Anderson, M. (2008). Animal Physiology, 2nd ed..
  4. «Ossicle» Online Etymology Dictionary. Vitja 13. februar 2015.
  5. «Malleus» Online Etymology Dictionary. Vitja 13. februar 2015.
  6. «Incus» Online Etymology Dictionary. Vitja 13. februar 2015.
  7. «Stapes» Online Etymology Dictionary. Vitja 13. februar 2015.

BakgrunnsstoffEndra