Opna hovudmenyen
Ürümqi, 烏魯木齊
Andre namn tidlegare: Dihua, pinyin: Wūlǔmùqí, wade-giles: Wū-lǔ-mù-ch'í, uigurisk: ئۈرۈمچى
Utsyn over Ürümqi frå Hong Shan-høgda.
Utsyn over Ürümqi frå Hong Shan-høgda.
Styresmakter
Land
Region
Folkerepublikken Kina
Xinjiang
Borgarmeister Jerla Isamudin
Geografi
Flatevidd
 - By

10,989 km2 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

2,681,834
  244/km²
Koordinatar 43°48′″N 87°35′″EKoordinatar: 43°48′″N 87°35′″E
Høgd over havet ca. 900 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 830000
Telefon-retningsnummer 991
Bilnummer A
Heimeside: http://www.urumqi.gov.cn
Plassering
Plassering av Ürümqi

Ürümqi (mongolsk: «fagert beite»)er ein by på prefekturnivå og regionshovudstad i den autonome regionen Xinjiang i Nordvest-Kina. Byen ligg ved foten av Tian Shan-fjella. I Guinness rekordbok held Ürümqi rekorden for å vera byen som ligg lengst unna noka kystlinje. Klimaet i byen er turt med svært varme somrar og svært kalde vintrar.

InfrastrukturEndra

Byen er sterkt veksande på grunn av ein medviten innflyttingspolitikk frå kinesisk side, og er no den største byen i Vest-Kina. Størstedelen av innbyggjarane er no Han-kinesarar, og den nest-største gruppa er uigurar. Frå 1990-åra har byen fått både jarn- og stålverk, produksjon av jordbruksmaskiner, samt produksjon av sement, tekstil, kjemiske og petrokjemiske produkt, papir og lêr.

Kommunikasjonen i byen er god, med både jarnbanesamband, eigen flyplass og godt utbygd vegnett. Her ligg også fleire regionsuniversitet og høgskular.

Administrative einingarEndra

 
Nummerert kart over Ürümqi


Prefekturet Ürümqi er delt inn i 9 distrikt og fylke. 4 av desse ligg i byområdet.

  1. Tianshan
  2. Saybagh
  3. Xinshi
  4. Shuimoghou
  5. Toutunhe
  6. Dabanche
  7. Midong
  8. Ürümqi



KjelderEndra