Delta

bokstav i det greske alfabetet
(Omdirigert frå Δ)
Denne artikkelen handlar om den greske bokstaven. For landområdet, sjå elvedelta.

Delta (Δ, δ) er den fjerde bokstaven i det greske alfabetet. I klassisk gresk svarar bokstaven til D i det latinske alfabetet. I nygresk står delta for ein stemt dental frikativ, [ð], som den islandske og gamalnorske bokstaven ð, og th-lyden i engelsk the.

Det greske alfabetet
Α α Alfa Ν ν Ny
Β β Beta Ξ ξ Ksi
Γ γ Gamma Ο ο Omikron
Δ δ Delta Π π Pi
Ε ε Epsilon Ρ ρ Rho
Ζ ζ Zeta Σ σ ς Sigma
Η η Eta Τ τ Tau
Θ θ Theta Υ υ Ypsilon
Ι ι Iota Φ φ Phi
Κ κ Kappa Χ χ Khi
Λ λ Lambda Ψ ψ Psi
Μ μ My Ω ω Omega
Forelda bokstavar
Digamma Qoppa
San Sampi
Yngre ligaturar
Stigma Ou
Kai
Andre
Heta (halv eta)
Sjo (baktrisk ekstrabokstav)

Bokstaven har gjeve opphav til nokre omgrep:

  • I geografi kjem ordet elvedelta frå bokstaven, sidan eit slikt delta ofte liknar på ein trekant. Eventuelt har det vorte hevda at utforminga av bokstaven kjem frå ein hieroglyf som tyder elvedelta.
  • Bokstaven er av og til nytta som ord på vengeforma til eit fly (deltaveng).
  • I matematikk og fysikk står Δ som skilnaden mellom to storleikar, eller endring av ein variabel. (Døme: - tyder endringa av variabelen )

δ er symbol for måleininga dioptri.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.