Dvergplaneten Haumea

(Omdirigert frå 136108 Haumea)

Haumea (tidlegare offisielt kalla 2003 EL61; symbol: 🝻)[1] er ein av fem dvergplanetar i solsystemet. Han ligg i kuiperbeltet og har omtrent ein tredjedel av massen til Pluto. Han blei oppdaga av J. L. Ortiz og laget hans ved Sierra Nevada-observatoriet i Spania og Mike Brown si gruppe hos Caltech i USA. Minor Planet Center (MPC) gjev offisielt æra for oppdaginga til gruppa til Ortiz, som var først ute med å offentleggjera oppdaginga av objektet.

Haumea 🝻
Haumea og dei to månane
Oppdaging
Oppdaga avOrtiz et al. / Brown et al.
Oppdagingsdato25. juli 2005
Baneskildring
Epoke 18. august 2005 (JD 2453600,5)
Aphel7708 mill. km (51,526 AE)
Perihel5260 mill. km (35,164 AE)
Eksentrisitet0,18874
Banehelling28,19°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar~1960×1518×996 km
(~1500 km)
Masse(4,2±0,1)×1021 kg
2,6–3,3 g/cm³
0,84 km/s
0,16314±0,00001 d
(3,9154±0,0002 t)
Albedo0,7±0,1

Haumea blei i 2008 namnsett etter gudinna for barnefødsel og fertilitet i hawaiisk mytologi.[2]

Haumea sine to månar, hurtige rotasjon, høge albedo og ekstremt avlange form gjer han til eit særs uvanleg objekt blant dei klassiske kuiperbelte-objekta. Det er sannsynlegvis den største medlemen av ein kollisjonsfamilie som blei danna under éin enkelt kollisjon som òg er ansvarleg for dei uvanlege karakteristikkane til objektet.

Med ei omlaupstid på berre fire timar roterer Haumea så raskt at han får ei avlang form.

Satellittar

endre

To små satellittar har blitt oppdaga i bane rundt Haumea:

  • Namaka med ein diameter på ~170 km dersom albedoen er lik moderobjektet

Kjelder

endre
  1. JPL/NASA (22. april 2015). «What is a Dwarf Planet?». Jet Propulsion Laboratory. Henta 19. januar 2022. 
  2. «IAU names fifth dwarf planet Haumea» - IAU-pressemelding 17. september 2008. Vitja 20. september 2008.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Dvergplaneten Haumea