Abdi Bile (fødd 28. desember 1962) er ein somalisk tidlegare friidrettsutøvar som under VM 1987 vart den fyrste somaliske verdsmeisteren i friidrett då han vann 1500-meteren.

Abdi Bile
Owen Hamilton, a Jamaican athlete.jpg
Fødd 28. desember 1962
Las Anod
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar

AktvEndra

Bile vart andremann på 1500 m då afrikameisterskapen 1985 fann stad i Kairo, der einast Omer Khalifa frå Sudan var hans overmann. To år seinare vann Bile ein suveren siger på same distansen under friidretts-VM 1987 i Stuttgart, over eit sekund føre nestemann.

I 1989-sesongen var Bile i sitt livs form. Den 16. august sette han personleg rekord på 800 meter med 1.43,60 i eit stemne i Zürich. Få veker seinare, den 3. september, gjorde han sitt livs beste 1500 meter då han vart klokka inn på 3.30,5 i Rieti. Dei komande åra var han ofte skadeplaga. Under VM i 1993 i Stuttgart tok han bronsemedaljen på 1500 meter, klart slått av algeriaren Noureddine Morceli og hakk i hæl på spaniaren Fermín Cacho. Sidan tok Bile seg til OL-finalen på 1500 m i Atlanta i 1996, der han enda på sjetteplassen, 33 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • OL 1984 i Los Angeles: Utslått i kvartfinalane på 800 m (1.46,49 =nr 22) og i semifinalane på 1500 m (=nr 22)
  • VM 1987 i Roma: Gullmedalje på 1500 m – 3.36,8, framom José Luis González (3.38,0)
  • VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje på 1500 m – 3.35.9. Utslått i forsøka på 800 m (1.48,90 =nr 26)
  • VM 1995 i Göteborg: Utslått i forsøka på 1500 m (3.48,8 =nr 37)
  • OL 1996 i Atlanta: Nr 6 på 1500 m – 3.38,0

KjelderEndra