Absalon Pederssøn Beyer

(Omdirigert frå Absalon Pedersøn Beyer)

Absalon Pederssøn Beyer, også kalla magister Absalon (15289. april 1575) var ein norsk prest, historikar, forfattar og lærar. Han var ein sentral norsk humanist som bidrog sterkt til den andelege reformasjonen i Noreg.

Absalon Pederssøn Beyer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1528
Aurland kommune
Død

9. april 1575 (46 år)
Bergen

Yrke prest, historikar, teolog
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Anne Pedersdotter

Beyer var fødd i Aurland i Sogn. Han vart foreldrelaus då han var seks år og vart send til onkelen i Bergen. Der gjekk han på latinskulen til han var 15 år. Som elev budde han hjå biskop Gjeble Pedersøn, og biskopen støtta vidare studiar ved universitetet i København (1544–49) og Wittenberg (1549–51). I 1552 tok Beyer magistergrad i København, og året etter blei han lektor i teologi ved Bergen katedralskole. Frå 1557 til 1564 var han også rektor ved katedralskulen. I 1560 vart Beyer notarius ved Bergen domkapitel, og frå 1566 også slottsprest på Bergenhus.

Som skjønnlitterær forfattar omsette Beyer utanlandske skodespel, og skreiv sjølv, og fekk framført, Adams fall som første norske teaterframsyning 1562. Han vert rekna som den første teaterregissøren i Noreg. Absalon Pederssøn Beyer sine dagboksnotat frå 1552–72 er også kjend som Bergens kapitelsbok og skildrar samtida hans i Bergen. Det vert rekna som eitt av dei viktigaste kjeldeskrifta i kultur- og sosialhistorie frå 1500-talet. Beyer skeiv også ein Oration om mester Geble, ei hylling til Gjeble Pedersøn som var velyndaren hans i oppveksten. Storverket til Absalon Pedersøn Beyer er likevel historieverket Om Norgis Rige, skrive i 1567, men først trykt i 1781. Dette tek føre seg stordomstida og forfallet til nasjonen og rakkar ned på hanseatane. Det er det første store topografisk-historiske verket om Noreg. I tillegg til Noregs historie skildrar Beyer også dagleglivet i landet i si samtid. Verket vart til etter oppmoding frå slottsherre Erik Rosenkrantz.

Beyer var gift med Anne Pedersdotter frå Trondheim. Ho vart skulda for trolldom medan mannen levde, men vart då frikjend. Femten år etter at Absalon var død, vart ho på nytt skulda for trolldom og dømd til døden. Anne Pedersdotter vart brend som heks på Nordnes i 1590.

Ein bautastein over Absalon Pedersøn Beyer vart reist ved Vangen kyrkje i Aurland i 1984.

Minnestein på kyrkjegarden ved Vangen kyrkjeAurlandsvangen.

Bibliografi endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre