Stjertmeis

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Aegithalos caudatus)
Stjertmeis
Stjertmeis
Stjertmeis
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av stjertmeis
Utbreiinga av stjertmeis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Stjertmeisfamilien Aegithalidae
Slekt: Aegithalos
Art: Stjertmeis A. caudatus
Vitskapleg namn
Aegithalos caudatus

Stjertmeis (Aegithalos caudatus) er ein meiseliknande sporvefugl i stjertmeisfamilien. Fuglen er utbreidd i mesteparten av skogbeltet i palearktis, med unnatak av Island og Nord-Afrika. I Noreg finst fuglen i lauv- og blandingsskog i Sør-Noreg nord til Trondheimsfjorden, meir spreidd lengre nord og i Nordland og Troms. Han er ein sjeldan streiffugl i Finnmark.[2] Hekkeområda er som oftast frodige og høgproduktive lokalitetar, ofte med høgstamma skog. Arten hekkar sjeldan i dei ytre og mest eksponerte kystområda på Vestlandet og i Trøndelag. Stjertmeisa likar best fuktige biotopar som t.d. orebelter langs vassdrag, bekkedalar og sumpskogområde. Fuglane treng ikkje større samanhengande skogområde og finn gode hekkelokalitetar i lauvskogrike kulturlandskap, spesielt der det framleis finst våtmarker.

Læte

Utsjånad endre

Fuglen er ca. 16 centimeter lang og 7-9 gram. Han har lang stjert, kort nebb, kvitt hovud og er rosa på skuldrene og sidene. Ryggen er svart.

Levevis endre

Stjertmeis er ein stand- og streiffugl, men somme år med ujamne mellomrom kjem det invasjonar frå aust. Dette kan hende i alle delar av landet. Hekkebestanden i Noreg varierer mellom 5000 og 20000 par. Stjertmeisa et mest insekt heile året. Om vinteren streifar stjertmeis rundt i små flokkar som oftast er sett saman av eit par foreldrefuglar og avkomet deira frå siste hekkesesong. Tidleg på våren, ofte i mars, vert flokkane splitta opp i par. Det vert utveksla individ mellom vinterflokkane, helst ved at unge hoer flyttar over i andre flokkar.

Fuglen byggjer kunstferdige reir. I april-mai legg hoa 10-12 egg. Desse vert ruga i 12-14 døgn. Ungane blir i reiret

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av stjertmeis Aegithalos caudatus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stjertmeis