Henry Lowther
Thomas Henry Lowther (fødd 11. juli 1941) er ein engelsk jazz-trompetist.
Henry Lowther | |||
Fødd | 11. juli 1941 (83 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Leicester | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | jazz, jazz-fusion | ||
Instrument | trompet, fløyte | ||
Verka som | trompetist, pianist, jazzmusikar |
Lowther spelte først kornett i Frelsesarmeen. Han studerte fiolin ved Royal Academy of Music, men gjekk attende til trompet i 1960. I 1960-åra arbeidde han med Mike Westbrook[1], Manfred Mann, John Dankworth (1967–77), Graham Collier (1967), John Mayall (1968), John Warren (sidan 1968), Neil Ardley (1968) og Bob Downes (1969). Mange av desse samarbeida heldt fram inn i 1970-åra. Lowther spelte stundom med The Keef Hartley Band i denne tida.
I 1970-åra arbeidde han med Mike Gibbs (1970–76), Kenny Wheeler (frå 1972), Alan Cohen (1972), Michael Garrick (1972–73), Kurt Edelhagen (1974), John Taylor (1974), Stan Tracey (sidan 1976), Tony Coe (1976), Hawkwind (1977), Graham Collier (1976–78), Jubiaba med Barbara Thompson (1978) og Gordon Beck (1978), i tillegg til at han hadde sitt eige ensemble, Quaternity. Lowther spelte òg trompetsoloen for Elton John på «Return to Paradise» på albumet A Single Man i 1978.
Han arbeidde med Buzzcocks i 1980, Talk Talk frå 1983 til 1991, med Peter King frå 1983, og med Gil Evans i 1984. I 1986 arbeidde han med Humphrey Lyttelton i John Robichaux Orchestra for ein dokumentarfilm om Buddy Bolden. Han spelte med Charlie Watts sitt band i 1986-87, og leia så sitt eige band, Still Waters, i 1987. Frå seint i 1980-åra spelte han mykje i storband, som Berlin Contemporary Jazz Orchestra (1989–93), London Jazz Composers Orchestra (1989-96), Kenny Wheeler si gruppe (1990), The Dedication Orchestra (1994), London Jazz Orchestra (1994), George Russell's Living Time Orchestra og Creative Jazz Orchestra (1996) og i nyare tid i Jazzmoss.[2]
Diskografi
endreMed Elf
- Carolina County Ball (MGM, 1974)
Med Jack Bruce
- Songs for a Tailor (Atco, 1969)
Med Collective Consciousness Society
Med Graham Collier
- New Conditions (Mosaic, 1976)
- Symphony of Scorpions (Mosaic, 1977)
- The Day of the Dead (Mosaic, 1978)
- Hoarded Dreams (Cuneiform, 1983 [2007])
Med Bryan Ferry
- These Foolish Things (Virgin, 1973)
- Another Time, Another Place (Virgin, 1974)
Med the Keef Hartley Band
- Halfbreed (Deram, 1968)
- The Battle of North West Six (Deram, 1969)
Med Murray Head
- Nigel Lived (CBS, 1972)
Med Glenn Hughes
- Play Me Out (RPM, 1977)
Med John Mayall
- Bare Wires (Decca, 1968)
- 70th Birthday Concert (Eagle, 2003)
Med Elton John
- A Single Man (MCA, 1978)
Med Van Morrison
- Avalon Sunset (Mercury, 1989)
- Enlightenment (Polydor, 1990)
Med Pretenders
- Pretenders II (Sire, 1981)
Med Slapp Happy
- Slapp Happy (Virgin, 1974)
Med John Surman
- The Brass Project (ECM, 1992)
Med Talk Talk
- It's My Life (EMI, 1984)
- Spirit of Eden (EMI, 1988)
- Laughing Stock (Verve, 1991)
- Pour Down Like Silver (Island, 1975)
- I'm Alright (Rounder, 1985)
Med Hawkwind
- 25 Years On (Atomhenge, nyutgjeving 2009)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Henry Lowther» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Celebrating a Landmark Birthday in Jazz Style; Henry Lowther Is Marking His 60th Birthday in Birmingham». Highbeam.com. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 12. juni 2018.
- ↑ «What's On: Music, Film, & Things To Do in Birmingham». Birmingham Post. Arkivert frå originalen 13. mars 2012. Henta 12. juni 2018.