Aksana Mjankova
Aksana Mjankova (fødd 28. mars 1982) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Krytjaŭ i Kviterussland som vart kåra til olympisk meister i sleggjekasting i 2008, ein meistertittel Den internasjonale olympiske komitéen annullerte åtte år seinare, etter å ha testa dopingprøvene frå Beijing-OL på ny.
Aksana Mjankova | |
Statsborgarskap | Belarus |
Fødd | 28. mars 1982 (42 år) Kryčaŭ |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Frå 2002-sesongen deltok Mjankova i fleire av dei store internasjonale meisterskapane, utan ho makta ta seg til finale. I 2006 forbetra sitt personbeste sleggjekast med over 6,5 m til 76,86 meter. To år seinare tok ho den olympiske gullmedaljen med eit kast som målte 76,34 m, framfor Yipsi Moreno frå Cuba og med kinesiske Zhang Wenxiu på bronseplass.
OL-sesongen 2012 sette Mjankova i april personleg rekord med 78,19 m under eit stemne i Brest. Tre månader seinare forbetra ho rekorden sin til 78,69 meter, einast verdsrekordhaldar Betty Heidler hadde den gongen kasta lengre.
Doping
endreEtter at dopingprøvene frå OL 2008 og OL 2012 vart testa på nytt i 2016, fann ein både turinabol og anavar i prøvene til Mjankova. Den 25. november 2016 annullerte/underkjende Den internasjonale olympiske komitéen Mjankova sine prestasjonar i dei to sommarleikane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa (60,13 m =nr 27)
- VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (64,11 m =nr 22)
- EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (62,85 m =nr 23)
- VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (-)
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje – 76,34 m, annullert 2016, framom Yipsi Moreno – 75,20 m
- VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (69,58 m =nr 13)
- OL 2012 i London: Nr 7 – 74,40 m, annullert 2016
- VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (66,65 m =nr 22)
- EM 2014 i Zürich: Utslått i kvalifiseringa (66,92 m =nr 14)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aksana Miankova» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2018.