Yipsi Moreno González (fødd 19. november 1980) er ein kubansk tidlegare sleggjekastar frå Camagüey. Ho vart verdsmeister i 2001 og 2003, og vann to OL-sølv og like mange VM-sølv i tida 2004-08. Moreno sin personlege rekord på 76,62 m er frå 2008.

Yipsi Moreno
Statsborgarskap Cuba
Fødd 19. november 1980 (43 år)
Camagüey
Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar
Høgd 175 centimeter

Aktiv endre

Moreno vart nummer fire i sleggjetevlinga under OL i 2000. Året etter kasta ho 70 meter for fyrste gong og vann VM-gull, fire centimeter framom russiske Olga Kuzenkova. To år seinare forsvarte Moreno VM-tittelen i Paris, same sesongen som ho makta kaste over 75 meter i slegge.

Både under Sommar-OL 2004 i Aten og friidretts-VM 2005 i Helsinki måtte Moreno sjå seg klart slått av sin sterkaste konkurrent, Olga Kuzenkova. Også ved VM 2007 i Osaka enda Moreno på sølvplassen, fattige to cm bak tyske Betty Heidler. Under sommarleikane 2008 i Beijing tok Moreno si fjerde rake sølvmedalje i OL/VM-tevlingar. Få veker etter dei olympiske leikane sette ho i Zagreb personleg rekord med 76,62 m, hennar livs lengste sleggjekast.

Etter OL-sesongen 2008 heldt Moreno fram på same høge nivå, utan at det vart VM- eller OL-medaljar på henne. Derimot vann ho sleggjetevlinga under Panamerika-leikane 2011 i meksikanske Guadalajara. Ho la opp i 2014.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre