Alexandria

(Omdirigert frå Al-Iskandariiya)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Alexandria (fleirtyding).

Alexandria (arabisk الإسكندرية‎, romanisert Al-Iskandarīyah) er den største hamnebyen og den nest største byen i Egypt. Han ligg i Nildeltaet nord i landet, og er eit viktig transport- og industrisenter, men er også kjend som badeby og turistmål.

Alexandria
الإسكندرية
by
Flagg
Land  Egypt
Distrikt Al-Iskandariya
Del av Nedre Egypt
Areal 2 523 km²
Folketal 4 870 000 (2016)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Kart
Alexandria
31°11′51″N 29°53′33″E / 31.1975°N 29.8925°E / 31.1975; 29.8925
Wikimedia Commons: Alexandria

Alexandria er oppkalla etter Aleksander den store, som grunnla han i 332 f.Kr. nær fiskarlandsbyen Rhakotis. Byen blei bygd rundt ei naturleg hamn som blei kunstig utvida. Byen fekk stor tilflytting av grekarar og jødar. I 305 f.Kr. gjorde Ptolemaios I Soter Alexandria til hovudstaden for riket. Byen voks seg større enn Karthago, og blei ein av dei største byane i den hellenistiske verda.

Alexandria var kjend for to av verdas sju underverk, det store biblioteket og fyrtårnet sitt. Biblioteket var ein del av forskingssenteret Mouseion, som Alexandria var vidkjend for. Her verka mellom anna matematikarane Euklid, Heron og Hypatia. Den eldste greske omsetjinga av Gamletestamentet, Septuaginta, blei utført i byen på 200-talet f.Kr.

Byen var lenge eit stoppepunkt på handelsruta mellom Europa og Asia. Etterkvart som sjøfart tok over mista han denne stillinga, men opninga av Mahmudiyya-kanalen og Suez-kanalen på 1800-talet gav støytet til ny vekst.[2]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.demographia.com/db-worldua.pdf.
  2. Looklex, arkivert frå originalen 11. mai 2009, henta 23. mai 2009 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Alexandria