Al-Nasirah i Syria

Al-Nasirah (arabisk الناصرة, òg skrive al-Nasreh) er ein liten by nordvest i Syria i Homs guvernement, vest for Homs og like nord for grensa til Libanon. Av stader i nærleiken finn ein Habnamrah i nordvest, Marmarita og Ayn al-Bardah i vest, Zweitina i sørvest, al-Husn i sør, al-Huwash og al-Mazinah i søraust, Shin i aust, Muqlus i nordaust, Hadeih og Mashta al-Helu i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Nasirah eit folketal på 835 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Nasirah nahiyah («underdistrikt») som består av 20 stader med eit samla folketal på 16 678 i 2004.[1] Underdistriktet dekkjr eit område som vert kalla Wadi al-Nasara («Dalen til dei kristne») Innbyggjarane i byen er hovudsakleg kristne.[2]

Al-Nasirah
الناصرة, al-Nasreh
landsby
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Talkalakh
Nahiyah Al-Nasirah
Koordinatar 34°47′16″N 36°17′9″E / 34.78778°N 36.28583°E / 34.78778; 36.28583
Folketal 835  (2004)
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Al-Nasirah i Syria
34°47′16″N 36°17′09″E / 34.78777778°N 36.28583333°E / 34.78777778; 36.28583333

Kjelder endre

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2019-12-15 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 181.