Opna hovudmenyen

Det latinske alfabetet

(Omdirigert frå Latinske bokstavar)

Det latinske alfabetet var alfabetet brukt tli å skrive latin. Variantar av dette alfabetet er i dag brukt for nesten alle språka i landa som vart kristna frå den vestre delen av det delte Romarriket. Det latinske alfabetet er dermed det mest utbreidde skriftsystemet i verda. Det blir brukt i Vest-Europa og dei fleste tidlegare koloniane til desse landa. Alfabetet har få teikn, men ved å kombinera desse med kvarandre og fleire aksentteikn kan dei stå for fleire lydar i ulike språk. Det latinske alfabetet er òg utgangspunktet for det fonetiske alfabetet.

Det opprinnelege latinske alfabetetEndra

Det opprinnelege latinske alfabetet var bygd på det greske alfabetet, og besto av desse 23 bokstavane:

A B C D E F G H I K L M N O P Q R S T V X Y Z

Variantar av det latinske alfabetetEndra

Dei opprinnelege 23 bokstavane utgjer i lag med dei tre bokstavane J, U, W det latinske grunnalfabetet, som t.d. er representert i ASCII.

Dei fleste språka som bruker det latinske alfabetet har lagt til diakritiske teikn eller tilleggsbokstavar.


  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.