Aleksandra

kvinnenamn
(Omdirigert frå Alexandra)

Aleksandra og Alexandra er kvinnenamn danna av mannsnamna Aleksander/Alexander. Desse er latinske former av det greske namnet Alexandros, som er danna av aléxein, 'forsvare', og andrós, 'mann'.

Minneplater for Aleksandra og Stefania Grzeszczak frå Oppreisten i Warszawaghettoen i 1943.
Signert fotografi av Alexandra, dansk prinsesse som blei dronning av Storbritannia.

Den moderne italienske forma av namnet er Alessandra. Alex, Alexa, Lexie, Sandra, Sandy og Sasha er kortformer.

I 2009 var det 1 521 norske kvinner som heitte Alexandra og 708 som heitte Aleksandra. Bruken av Alexandra har vakse sidan 1960-talet, og nådde ein foreløpig topp ved byrjinga av 2000-talet, då over 0,30 % av nyfødde jenter fekk namnet.

Namnedag endre

Aleksandra har namnedag den 17. februar i Noreg og Alexandra har namnedag på same dato i Sverige.

Kjende namneberarar endre

I stadnamn endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre