Aleksander

mannsnamn
(Omdirigert frå Alexander)

Aleksander eller Alexander er eit mannsnamn som stammar frå gresk aleksandros (Αλέξανδρος) av aleksis (αλέξις), 'verje, hjelpe' og andros (ανδρος) 'mann, menneske'.

Aleksander den store spreidde namnet sitt til store delar av verda. Her er namnet skrive fonetisk i egyptiske hieroglyfar, A-l-ka(k)-s-i(a)-n-d(t)-r-s.

Namnet er bruka over heile den vestlege verda i variantar som Alessandro på italiensk, Alejandro på spansk, Alexandre på fransk og Александр på russisk. I den muslimske verda er namnet blitt til Iskander. Kortformer av namnet er Alek, Alex og Sander.

I Noreg var det ved folketeljinga i 1801 vel 120 som vart innskrivne som Aleksander i ei eller anna staveform. I 1900 var det vel 700. I dag er det om lag 13800 som heiter Aleksander eller Alexander - eit lite fleirtal av dei skriv namnet sitt med X.

I Noreg har Aleksander namnedag 18. mars.

Kjende namneberarar

endre

Pavar

endre
 
Pave Aleksander IV.

Andre patriarkar

endre

Keisarar

endre

Kongar

endre
 
Oppfinnaren Alexander Graham Bell (1847–1922)

Andre kjende personar med namnet

endre

Oppdikta personar

endre

Kjelder

endre