Alf Mjøen

norsk politikar

Alf Jensen Veum Hansen Mjøen (5. april 186911. mars 1956) var ein offiser, brukseigar og stortingsrepresentant, fødd og død på Gjøvik.

Alf Mjøen

Fødd5. april 1869
Død11. mars 1956 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Arbeiderdemokratene
Yrkepolitikar
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv

Mjøen var son til ein brukseigar. Sjølv vart han student i 1885 og cand.phil. i 1889. Frå juli 1888 tok han teneste i det militære, utnemnd til premierløytnant i 1891 og i 1903 kaptein i 1ste Akerhusiske brigade. I 1899-1900 gjorde han teneste ved eit tysk infanteriregiment. Han fekk i 1911 eit militært stipend og reiste til USA for å studere bruken av offiserar til sivilt arbeid. Han vart utnemnd til oberst i 1934 og var dei neste fem år generalkrigskommissær i Noreg.

Valperioden 1902-04 var Mjøen ordførar i Gjøvik, vald for Venstre. I 1904 overtok han slektsgarden Gjøvik i Vardal og flytta dit i 1906. På garden dreiv han ei mylne og eit sagbruk. Delar av garden stykka han ut til om lag arbeidarbruk.

Frå 1913 til 1924, og på ny 1928-1936 var han stortingsrepresentant for Radikale Folkeparti/Arbeiderdemokratene. Dei ni fyrste tingåra var han vald frå einmannskrinsen Toten, sidan 1922 for Oppland fylke. I alle år på Stortinget var han medlem av militærkomiteen, derav 12 år som formann.

Mjøen gav i 1953 slektsgarden Gjøvik til Gjøvik kommune.

Kjelder endre