Alfred Radcliffe-Brown

Alfred Reginald Radcliffe-Brown (17. januar 188124. oktober 1955) var ein britisk sosialantropolog, verksam ved universiteta i Cape Town, Sydney, Oxford og Chicago.

Alfred Radcliffe-Brown

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 17. januar 1881
Birmingham
Død

24. oktober 1955 (74 år)
London

Yrke antropolog, sosiolog
Språk engelsk
Medlem av Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Religion ateisme
Alfred Radcliffe-Brown på Commons

Gjerning endre

Radcliffe-Brown grunnla den "britiske skulen" innan antropologien. Han utførte i 1908 etnografisk feltarbeid på Andamanane, men hans viktigaste innverknad på faget kjem frå hans arbeid som teoretikar. Han var sterkt inspirert av Émile Durkheim og vart den fremste pioneren for den såkalla strukturfunksjonalistiske retninga innan antropologien. Dei viktigaste teoretiske artiklane hans er samla i boka Structure and Function in Primitive Society frå 1952. Der utvikla han funksjonalismen som system, og la fram læra om korleis samfunn er integrert, og korleis samfunnsinstitusjonar i samspel forsterkar kvarandre og bidreg til at samfunnet vert vidareført.

Sine vitskaplege ideal henta han frå naturvitskapen. Han hyste forventningar om å kunne utvikle "allmenne samfunnslover", lover som i presisjon kunne jamførast med lovene innanfor fysikken og kjemien.

Kritikk endre

Radcliffe-Browns naturvitskapleg inspirerte program har i ettertid vorte forlate av dei fleste antropologar, noko som og gjeld strukturfunksjonalismen i reinodla form. Men mange av dei problemstillingar som dagens antropologar stiller seg, særskilt i Europa, vart opphavleg stilt av Radcliffe-Brown.

Han vert ofte kritisert for ikkje å ha oppfatta historisk endring i dei samfunna han studerte, i særleg grad slike forandringar som fylgde av kolonialismen. Likevel vert han saman med Bronislaw Malinowski rekna som ein av fedrane til den moderne sosialantropologien.

Ingen av verka til Radcliffe-Brown har vore omsett til norsk. Thomas Hylland Eriksen presenterte dei viktigaste teoriane hans i læreboka Små steder - store spørsmål : innføring i sosialantropologi, ei bok som har kome i fleire utgåver etter ho fyrst vart utgjeven i 1998.

Verk i utval endre

  • The Andaman Islanders, 1922
  • The Social Organization of Australian Tribes, 1931
  • On Joking Relationships, 1940
  • African Systems of Kinship and Marriage (Med Daryll Forde), 1950
  • Structure and Function in Primitive Society, 1952
  • A Natural Science of Society, 1957

Litteratur endre

  • Eriksen, Thomas Hylland, Små steder - store spørsmål : innføring i sosialantropologi, 1998.