Alice Walker

amerikansk poet og skribent

Alice Malsenior Tallulah-Kate Walker (fødd 9. februar 1944) er ein amerikansk forfattar og samfunnsaktivist.[1] I 1982 var ho den fyrste afroamerikanske kvinna som vann Pulitzer-prisen for skjønnlitteratur, for romanen The Color Purple.[2][3] Gjennom karrieren har Walker gjeve ut 17 romanar og novellesamlingar, fleire sakprosaverk og samlingar av essay og poesi.

Alice Walker

Statsborgarskap USA
Fødd 9. februar 1944 (80 år)
Eatonton
Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, essayist, universitetslærar, borgarrettsaktivist, lærar, novelleforfattar, barnebokforfattar, manusforfattar, skodespelar, filmprodusent, klimaaktivist
Språk engelsk
Medlem av Alpha Kappa Alpha, American Academy of Arts and Sciences
Ektefelle Melvyn R. Leventhal
Born Rebecca Walker
Alice Walker på Commons

Walker blei fødd på den fattige landsbygda i Georgia, og gjekk gjennom utfordringar som barndomsskader og rasesegregering til å gå ut som beste elev frå high school og vidare som student ved Sarah Lawrence College. Ho byrja forfattarkarrieren sin med diktsamlinga Once, og skreiv seinare romanar, med The Color Purple som den best kjende. Som aktivist deltok Walker i borgarrettsrørsla og talte for kvinner med mørk hudfarge gjennom termen «womanism». Ho har også vore engasjert i dyrevelferd og pasifisme. Ho har teke ei sterk stilling i høve til Israel-Palestina-konflikten, og støtta kampanjen for boikott, avinvestering og sanksjonar mot Israel.

Bakgrunn

endre

Alice Malsenior Walker blei fødd i den landlege småbyen Eatonton i Georgia. Foreldra hennar var Willie Lee Walker og Minnie Tallulah Grant.[4][5] Begge foreldra til Walker var gardbrukarar med avlingsdeling, men mor hennar arbeidde òg som sydame for å få ekstra pengar. Walker var den yngste av åtte born. Ho blei registrert på skulen då ho var berre fire år gamal, på East Putnam Consolidated.[4][6]

Som åtteåring fekk Walker ei skade i høgre auge etter at ein av brørne hennar skaut henne med eit luftvåpen.[6] Ettersom familien hennar ikkje hadde tilgang til ein bil, kunne ikkje Walker få medisinsk hjelp med ein gong, og dette førte til at ho blei blind i dette auget. Det var etter at ho hadde fått skaden på auget at Walker byrja å lese og skriva.[4] Arrvevet blei fjerna då Walker var 14, men det blei att merke. Walker har skrive om opplevingane i essayet «Beauty: When the Other Dancer is the Self».[7][6]

Skulane i Eatonton var segregerte, og Walker blei elev ved den einaste vidaregåande skulen for afroamerikanarar, Butler Baker High School.[6] Der blei ho valedictorian (beste elev). Ho skreiv seg inn på Spelman College i 1961 etter at ho blei tildelt eit fullt stipend av staten Georgia for å ha dei høgaste akademiske prestasjonar i sitt årskull.[4] Ho fann gode mentorar her i to av professorane sine, Howard Zinn og Staughton Lynd, men begge begge blei flytta to år seinare.[6] Walker fekk eit anna stipend, denne gongen frå Sarah Lawrence College i Yonkers, New York, og etter at professoren hennar, Howard Zinn, blei sparka av Spelman, tok Walker imot tilbudet.[7] Walker blei gravid i starten av sisteåret sitt, og tok abort. Denne erfaringa, og ei rekkje sjølvmordstankar seinare, inspirerte mykje av poesien i Once, den fyrste diktsamlinga hennar.[7] Walker gjekk ut frå Sarah Lawrence College i 1965.[7]

Forfattarkarriere

endre
 
Alice Walker skriv ein autograf i Florida i 1990

Walker skreiv dikta som skulle bli den fyrste diktsamlinga hennar, Once, medan ho var student i Aust-Afrika og under sisteåret sitt på Sarah Lawrence College.[8] Walker skauv poesien sin under kontordøra til professoren og mentoren Muriel Rukeyser då ho var student på Sarah Lawrence. Rukeyser viste så dikta til litteraturagenten sin, og Once blei gjeven ut fire år seinare av Harcourt Brace Jovanovich.[9][7]

Etter å ha gått ut frå college arbeidde Walker ei kort tid for sosialavdelinga i New York City, før ho vende tilbake til Sørstatane. Ho byrja jobba for Legal Defense Fund i borgarrettsorganisasjonen National Association for the Advancement of Colored People i Jackson i Mississippi.[6] Walker var òg som konsulent i svart historie for Friends of the Children of Mississippi Head Start-programmet. Ho gjekk seinare tilbake til å skriva som residerande forfattar ved Jackson State University (1968-69) og Tougaloo College (1970-71). Ved sida av arbeidet sitt på Tougaloo College, gav Walker ut den fyrste romanen sin, The Third Life of Grange Copeland, i 1970. Romanen utforskar livet til Grange Copeland, ein valdeleg, uansvarleg avlingsdelgardbrukar, ektemann og far.

Hausten 1972 underviste Walker i eit kurs om svarte kvinnelege forfattarar ved University of Massachusetts Boston.[10]

I 1973, før ho blei redaktør for Ms. Magazine, oppdaga Walker og litteraturforskaren Charlotte D. Hunt ei umerka grav dei trudde var den til Zora Neale Hurston i Ft. Pierce i Florida. Walker markerte grava med grå tusj med teksten ZORA NEALE HURSTON / A GENIUS OF THE SOUTH / NOVELIST FOLKLORIST / ANTHROPOLOGIST / 1901-1960.[11][12] Linja «a genius of the south» er frå diktet Georgia Dusk, av Jean Toomer, som står i boka hans Cane.[12] Hurston var fødd i 1891, ikkje i 1901.[13][14]

Walker skreiv artikkelen «In Search of Zora Neale Hurston», som stod på trykk i Ms. Magazine i 1975 og seinare fekk tittelen «Looking for Zora». Denne bidrog til å gjenoppretta interessa for arbeidet til denne afro-amerikanske skribenten og antropologen.[15][16]

I 1976 kom den andre romanen til Walker, Meridian, ut. Dette er ei roman om aktivistarbeidar i Sør-Korea, under borgarrettsrørsla, med hendingar som er parallelle til nokre av erfaringane til Walker. I 1982 gav ho ut det som er blitt det best kjende verket hennar, The Color Purple. Romanen fortel om livet til ei afroamerikansk jente og kvinne som ikkje berre må kjempa seg gjennom ein rasistisk kvit kultur, men også gjennom ein patriarkalsk svart kultur. Boka blei ein bestseller, og blei seinare filmatisert i 1985 i regi av Steven Spielberg, med Oprah Winfrey og Whoopi Goldberg i hovudrollene.

Walker har skrive fleire andre romanar, mellom anna The Temple of My Familiar (1989) og Possessing the Secret of Joy (1992), sistnemnde med fleire karakterar og etterkommarar av personar i The Color Purple). Ho har gjeve ut ei rekkje samlingar av noveller, poesi og andre skrifter. Arbeidet hennar har fokusert på kampane til svarte folk, særleg kvinner, og livet deira i eit rasistisk, sexistisk og valdeleg samfunn.[17][18][19][20][21]

I 2000 gav Walker ut ei samling kortfiksjon basert på livet hennar, The Way Forward Is With a Broken Heart, som tok for seg kjærleik og raserelasjonar. I denne boka fortel Walker om forholdet sitt med Melvyn Rosenman Leventhal, ein kvit borgarrettsadvokat som òg arbeidde i Mississippi.[22] Paret gifta seg 17. mars 1967 i New York City, sidan ekteskap mellom folk frå ulike «rasar» var ulovlege i Sørstatane på denne tida. Dei skilde seg i 1976.[7] Dei fekk ei dotter, Rebecca, saman i 1969.[6] Rebecca Walker er det einaste barnet til Alice Walker, og blei seinare også forfattar, redaktør, kunstnar og aktivist. Ho grunnla aktivistfondet Third Wave Foundation i lag med Shannon Liss-Riordan.[23][24][25] Gudmora hennar var Alice Walker sin mentor og medgrunnleggjaren av Ms. Magazine, Gloria Steinem.[23]

I 2007 gav Walker dokumentsamlinga si, som bestod av 122 boksar med manuskript og arkivmateriale, til Emory University sitt Manuscript, Archives, og Rare Book Library.[26] I tillegg til utkast til romanar som The Color Purple, upubliserte dikt og manuskript, og korrespondanse med redaktørar, inkluderer samlinga omfattande korrespondanse med familiemedlemmar, venner og kollegaar, tidleg behandling av manuset for The Color Purpur, pensum frå kurs ho underviste i, og fanpost. Samlinga inneheld òg eit poesialbum som Walker sette saman då ho var 15 år, med tittelen Poems of a Childhood Poetess.

I 2013 gav Alice Walker ut to nye bøker: The Cushion in the Road: Meditation and Wandering as the Whole World Awakens to Being in Harm's Way og diktsamlinga The World Will Follow Joy Turning Madness into Flowers (New Poems).

Aktivisme

endre
 
Alice Walker (til venstre) og Gloria Steinem på framsida av Ms. magazine i 2009.

Borgarrettar

endre

Walker møtte Martin Luther King, Jr. då ho var student på Spelman College i byrjinga av 1960-talet. Ho har gjeve King æra for at ho bestemte seg for å venda tilbake til dei amerikanske Sørstatane som aktivist i borgarrettsrørsla. Ho deltok i March on Washington for Jobs and Freedom i 1963 i Washington med hundretusentals andre. Seinare arbeidde ho som frivillig for å registrera svarte veljarar i Georgia og Mississippi.[27][28]

8. mars 2003, på den internasjonale kvinnedagen og like før utbrotet av Irak-krigen, blei Walker arrestert saman med 26 andre, inkludert medforfattarane Maxine Hong Kingston og Terry Tempest Williams, på ein protest utanfor Det kvite huset for å ha kryssa ei politisperring under ein demonstrasjon mot krigen. Walker skreiv om hendinga i essayet sitt «We Are the Ones We Have Been Waiting For».[29]

Womanism

endre

Walker si eigne form for feminisme omfattar støtte for farga kvinner. I 1983 innførte Walker ordet «womanist» i boka In Search of Our Mothers' Gardens, med tydinga ‘ein svart feminist eller ein farga feminist’. Termen blei laga for å sameina farga kvinner og feministrørsla ved «overlappinga av rase-, klasse- og kjønnsundertrykking».[30] Walker har sagt at «'Womanism' gjev oss eit eige ord,»[31] fordi det er ein dialog om svarte kvinner og problema dei står overfor i samfunnet. Womanism som ei rørsle kom i hevd i 1985 ved American Academy of Religion og Society of Biblical Literature for å ta for seg interessene til svarte kvinner frå deira eigne intellektuelle, fysiske og åndelege perspektiv. "[30]

Israel-Palestina-konflikten

endre

Walker er dommarmedlem av Russell-tribunalet om Palestina. Ho støttar òg kampanjen for boikott, avhanding og sanksjonar (Boycott, Divestment and Sanctions) mot Israel.[32]

I januar 2009 var Walker ein av over femti underskrivarar av eit brev som protesterte mot Toronto International Film Festival sitt program City to City, som fokkuserte på israelske filmskaparar, og fordømde Israel som eit «apartheidregime».[33] To månader seinare reiste Walker og seks hundre andre kvinnelege aktivistar frå antikrigsgruppa Code Pink til Gaza som svar på Krigen i Gaza. Målet deira var å gje nødhjelp, møta ikkje-statlege organisasjonar og innbyggjarar og overtala Israel og Egypt til å opna grensene til Gaza. Ho planla å vitja Gaza igjen i desember 2009 for å delta i Gaza Freedom March, men denne kunne ikkje gjennomførastdå Egypt nekta deltakar å kryssa grensa deira til Gaza.[34] 23. juni 2011 kunngjorde Walker planar om å delta i ein hjelpeflotilla til Gaza som forsøkte å bryta den israelske marineblokaden.[35][36]

Pasifisme

endre

Walker har støtta Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom i lengre tid. I byrjinga av 2015 skreiv ho: «Eg tenkjer på ei kvar rørsle for fred og rettferd som noko som handlar om å stabilisera den indre ånda vår slik at me kan gå vidare og ta ein visjon inn i verda som er mykje meir human enn den som er dominerande i dag.»[37]

Privatliv

endre

I 1965 møtte Walker Melvyn Rosenman Leventhal, ein jødisk borgarrettsadvokat. Dei gifta seg 17. mars 1967 i New York. Seinare det året flytta paret til Jackson i Mississippi, og blei det fyrste lovleg gifta paret frå to «rasar» i Mississippi sidan loven mot raseblanding var innført i delstaten.[38][39] Paret fekk ei dotter, Rebecca, i 1969. Dei skilde lag i 1976.[40]

På slutten av 1970-talet flytta Walker til Nord-California. I 1984 grunnla ho og forfattaren Robert L. Allen det feministiske forlaget Wild Tree Press i Anderson Valley i California.[41] Walker la namna «Tallulah Kate» til det offiselle namnet sitt i 1994 for å heidra mor si, Minnie Tallulah Grant, og farmora Tallulah.[6] Bestemor til Minnie Tallulah Grant, Tallulah, var cherokee.[4]

Prisar og heiderstilvisingar

endre

Verk i utval

endre

 

Skjønnlitteratur

endre

Diktsamlingar

endre
  • Once (1968)
  • Revolutionary Petunias and Other Poems (1973)
  • Good Night, Willie Lee, I'll See You in the Morning (1979)
  • Horses Make a Landscape Look More Beautiful (1985)
  • Her Blue Body Everything We Know: Earthling Poems (1991)
  • Absolute Trust in the Goodness of the Earth (2003)
  • A Poem Traveled Down My Arm: Poems And Drawings (2003)
  • Collected Poems (2005)
  • Hard Times Require Furious Dancing: New Poems (2010)
  • The World Will Follow Joy (2013)
  • Taking the Arrow Out of the Heart (2018)

Sakprosa

endre
  • In Search of Our Mothers' Gardens: Womanist Prose (1983)
  • Living by the Word: Selected Writings, 1973–1987 (1988)
  • Warrior Marks: Female Genital Mutilation and the Sexual Blinding of Women (med Pratibha Parmar, 1993)
  • The Same River Twice: Honoring the Difficult (1996)
  • Anything We Love Can Be Saved: A Writer's Activism (1997)
  • Sent By Earth: A Message from the Grandmother Spirit, After the Bombing of the World Trade Center and Pentagon (2001)
  • We Are the Ones We Have Been Waiting For: Inner Light in a Time of Darkness (2006)
  • Pema Chödrön and Alice Walker in Conversation: On the Meaning of Suffering and the Mystery of Joy (2005)
  • Overcoming Speechlessness: A Poet Encounters the Horror in Rwanda, Eastern Congo, and Palestine/Israel (2010)
  • The Chicken Chronicles: Sitting with the Angels Who Have Returned with My Memories: Glorious, Rufus, Gertrude Stein, Splendor, Hortensia, Agnes of God, the Gladyses, & Babe, A Memoir (2011)
  • The Cushion in the Road: Meditation and Wandering as the Whole World Awakens to Being in Harm’s Way (2013)

Essay

endre
  • «Beauty: When the Other Dancer is the Self» (1983)

Kjelder

endre
  1. Rose, Mike. «Today's famous birthdays list for February 9, 2023 includes celebrities Michael B. Jordan, Tom Hiddleston». Henta February 9, 2023. 
  2. "National Book Awards – 1983".
  3. «The 1983 Pulitzer Prize Winner in Fiction». Henta March 25, 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Bates, Gerri (2005). Alice Walker: A Critical Companion. Greenwood Press. ISBN 9780313069093. OCLC 62321382. 
  5. Moore, Geneva Cobb, and Andrew Billingsley.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 The Officers of the Alice Walker Literary Society. «About Alice Walker». Alice Walker Literary Society. Henta 15. juni 2015. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 World Authors 1995–2000, 2003.
  8. «Once (1968)». Henta March 12, 2017. 
  9. «Muriel Rukeyser was 21 when he ...». The Washington Post (på engelsk). September 16, 2001. ISSN 0190-8286. Henta March 26, 2018. 
  10. [1] Interview with Barbara Smith, May 7–8, 2003, p. 50.
  11. «A Headstone for an Aunt: How Alice Walker Found Zora Neale Hurston – The Urchin Movement». 
  12. 12,0 12,1 Deborah G. Plant (2007). Zora Neale Hurston: A Biography of the Spirit. Greenwood Publishing Group. s. 57–. ISBN 978-0-275-98751-0. 
  13. Boyd, Valerie (2003). Wrapped in Rainbows: The Life of Zora Neale Hurston. New York: Scribner. s. 17. ISBN 978-0-684-84230-1. 
  14. Hurston, Lucy Anne (2004). Speak, So You Can Speak Again: The Life of Zora Neale Hurston. New York: Doubleday. s. 5. ISBN 978-0-385-49375-8. 
  15. Miller, Monica. «Archaeology of a Classic». Barnard College. Arkivert frå originalen July 15, 2014. Henta June 14, 2014. 
  16. Sarkar, Sohel. «9 Fascinating Facts About Zora Neale Hurston». 
  17. «Alice Walker Booking Agent for Corporate Functions, Events, Keynote Speaking, or Celebrity Appearances». Henta 23. oktober 2015. 
  18. «Alice Walker». Arkivert frå originalen 10. september 2015. Henta 23. oktober 2015. 
  19. «Alice Walker». Henta 23. oktober 2015. 
  20. Molly Lundquist. «The Color Purple – Alice Walker – Author Biography – LitLovers». Henta 23. oktober 2015. 
  21. "Analyzing Characterization and Point of View in Alice Walker's Short Fiction".
  22. Campbell, Duncan. «Interview: Alice Walker» (på engelsk). Henta March 26, 2018. 
  23. 23,0 23,1 Rosenbloom, Stephanie (March 18, 2007). «Alice Walker – Rebecca Walker – Feminist – Feminist Movement – Children». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta March 26, 2018. 
  24. test. «Third Wave Foundation» (på engelsk). Henta March 26, 2018. 
  25. «Third Wave History» (på engelsk). Arkivert frå originalen July 21, 2019. Henta August 2, 2019. 
  26. «Alice Walker Places Her Archive at Emory» (Press release). Emory University. December 18, 2007. 
  27. Walker Interview transcript and audio file on "Inner Light in A time of darkness", Democracy Now!
  28. "Pulitzer-Winning Writer Alice Walker & Civil Rights Leader Bob Moses Reflect on an Obama Presidency", Democracy Now!
  29. «Global Women Launch Campaign to End Iraq War» (Press release). CodePink: Women for Peace. January 5, 2006. Arkivert frå originalen April 9, 2010. Henta February 12, 2010. 
  30. 30,0 30,1 Deeper shades of purple : womanism in religion and society. Floyd-Thomas, Stacey M., 1969–. New York: New York University Press. 2006. ISBN 978-0814727522. OCLC 64688636. 
  31. Wilma Mankiller and others, "Womanism".
  32. Tiberias (May 11, 2013). «Palestinians in Israel: Boycotting the boycotters». The Economist (London). 
  33. Brown, Barry (September 5, 2009). «Toronto film festival ignites anti-Israel boycott». The Washington Times. Henta August 1, 2012. 
  34. Gaza Freedom March Arkivert 3. september 2009 ved Wayback Machine..
  35. Harman, Danna (23. juni 2011). «Author Alice Walker to take part in Gaza flotilla, despite U.S. warning». Haaretz (Tel Aviv). Henta 1. august 2012. 
  36. Urquhart, Conal (26. juni 2011). «Israel accused of trying to intimidate Gaza flotilla journalists». The Guardian (London). 
  37. Harrison, Mary Hanson. «From the President's Corner». WILPF. Arkivert frå originalen December 17, 2021. Henta January 26, 2019. 
  38. Driscoll, Margarette (May 4, 2008). «The day feminist icon Alice Walker resigned as my mother». The Times (London). Arkivert frå originalen May 11, 2008. 
  39. «Inner Light in a Time of Darkness: A Conversation with Author and Poet Alice Walker». Democracy Now!. November 17, 2006. Arkivert frå originalen June 13, 2007. Henta June 14, 2007. 
  40. Krum, Sharon (May 26, 2007). «Can I survive having a baby? Will I lose myself ...?». The Guardian (London). 
  41. Joyce, Donald Franklin. «Black Book Publishers in the United States: A Historical Dictionary of the Presses, 1817–1990». Greenwood Press. Arkivert frå originalen December 3, 2013. 
  42. «CANDACE AWARD RECIPIENTS 1982–1990, Page 3». Arkivert frå originalen March 14, 2003. 
  43. "Fiction".
  44. Whitted, Qiana (October 15, 2021). «Alice Walker (b. 1944)». New Georgia Encyclopedia. 
  45. «Hermanamiento, desde una honda raíz cultural» (på spansk). Henta 2. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre