Aljaksandr Hljeb
Aljaksandr Pawlavitsj Hljeb (fødd 1. mai 1981 i Minsk) er ein kviterussisk fotballspelar som har spela for Wolfsburg i tysk Bundesliga på lån frå Barcelona, og for det kviterussiske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Аляксандр Паўлавіч Глеб Aljaksandr Pawlavitsj Hljeb | ||
Fødd | 1. mai 1981 | ||
Fødestad | Minsk i Sovjetunionen | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Midtbane, ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Wolfsburg | ||
Nummer | 22 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1987-98 1998-99 |
Dynama Minsk BATE | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1999-2000 2000-05 2005-08 2008- 2009-10 2010-11 2011- |
BATE Stuttgart Arsenal Barcelona Stuttgart (lån) Birmingham (lån) Wolfsburg (lån) |
10 (4) 137 (13) 89 (7) 19 (0) 27 (0) 19 (0) 0 (0) | |
Landslag | |||
2001- | Kviterussland | 55 (7) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 5. september 2010 |
Hljeb vart seriemeister i Kviterussland med BATE i 1999 og i Spania med Barcelona i 2009. Han var òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Barcelona i 2009. Han har vorte kåra til årets kviterussiske fotballspelar seks gonger, i 2002, 2003, 2005, 2006, 2007 og 2008. Hljeb debuterte for Kviterussland sitt A-landslag i 2001 som innbytar i ein kamp mot Wales. Han skåra det første landslagsmålet sitt i april 2002 mot Ungarn. Han var landslagskaptein første gong 22. august 2007 i ein kamp mot Israel.
Bror hans, Vjatsjaslaw, har òg vore kviterussisk landslagsspelar i fotball.